– Det er på tide at Noreg som nasjon gjer nokre viktige vegval for den kritisk truga arten, meiner Aleksander Øren Heen, som er statssekretær i Klima og miljødepartementet

I heilskapsvurderinga av dei ti nasjonale villreinområda er det ingen som vert klassifiserte til god kvalitet. I rapporten frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) kom det fram at fire av områda har middels kvalitet, medan Hardangervidda er av dei seks med dårleg kvalitet.

– Vi såg i kvalitetsnorma at det må til store tiltak, ikkje minst knytt til areal. For å gjera dei store tiltaka, treng regjeringa å ha Stortinget i ryggen, seier Øren Heen til NRK.

Han trekk fram at den største trusselen mot villrein er den stadige innskrenkinga av leveområda. På bakgrunn av dette ønskjer statssekretæren strengare regulering av hyttebygging, og opnar for å regulere ferdsel i nokre område.

– Vi ønskjer at alle sektorar og departement nå blir einige om at i nokre område skal villreinen ha førsteprioritet, uttalar Endre Lægreid til NRK.