På fredag går søknadsfristen for gratis ferietur ut

Ullensvang kommune arrangerer gratis ferietur til Dyreparken i Kristiansand. Barnefamiliar som ynskjer å bli med, må søkja kommunen innan fredag 5. juni.

Ullensvang kommune arrangerer gratis ferietur til Dyreparken i Kristiansand. Barnefamiliar som ynskjer å bli med, må søkja kommunen innan fredag 5. juni. Foto:

Ullensvang kommune vidarefører Ullensvang herad sin tradisjon med å arrangera ferietur til Dyreparken i Kristiansand for barnefamiliar.

DEL

Ifylgje verksemdleiar Ingvild Sperrevik er påmeldinga bra, men framleis er det nokre ledige plassar.

I den nye kommunen har det vore ein diskusjon om ein skulle utvida tilbodet eller gjera nålauget smalare.

- Ullensvang kommune har utvida kapasiteten noko, kan ho fortelja få dagar før fristen for å søkja om plass går ut.

Verksemd for inkludering ynskjer at alle skal ha moglegheit til å reisa på ferie, og få gode minne saman med familien. Dette vert fjerde år på rad med tur til Dyreparken for barnefamiliar.

Målsettinga er å fremja sosial deltaking, venskap og inkludering.

Turen er heilt gratis for alle deltakarane. Reisa skjer med buss og deltakarane får opphald, billett til Dyreparken og alle måltid.

I utgangspunktet er det sett opp buss. Men på grunn av koronasituasjonen er det ein del av dei som har søkt som seier dei vil køyra sjølv.

Turen er planlagt 4. til 6. august og overnatting skjer på Åros feriesenter.

Artikkeltags