Øystein Pugerud ser for seg dronar i bruk i bakkane i Hardanger i løpet av få år. Han har vore med å staka ut kurs for grøn satsing.

— Eg føler at frukt- og grøntsektoren er veldig i vinden for tida. Det er positivt. Rapporten om grøn satsing er dermed midt i blinken. Men eg skulle ynskt den var meir konkret.