Talet på utmeldingar – til saman 12.097 – var det lågaste på fire år. Samtidig var talet på innmeldingar, 2.252, det tredje høgaste dei siste seks åra, ifølgje Dagen. I 2014 melde 11.003 medlemmer seg ut av Den norske kyrkja, mens talet på utmeldingar hadde ein topp for to år sidan, med 41.024, viser tala avisa har henta frå Kyrkjerådet.

2018 er det året då talet på medlemmer i Kyrkja har falle minst sidan 2013, då 5.464 melde seg ut og 1.063 personar melde seg inn.

Biskop Helga Haugland Byfuglien synest det er gledeleg at talet på utmeldingar går ned, men seier ho samtidig har respekt for at personar av ulike grunnar ønsker å tre ut av trussamfunn. Det er først dei siste åra det har vore relativt store svingingar i ut- og innmeldingstala.

– Dei siste åra har der vore mykje større utslag. Det har hatt to særlege hovudgrunnar: Debatt og vedtak om kyrkjeleg vigsel av likekjønna par og digitale verktøy for inn- og utmelding, seier Byfuglien.

(©NPK)