- Midlar frå dette fondet kan søkjast av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar med tilhald i Hardanger og på Voss, skriv dagleg leiar i sparebankstiftinga, Gunnar Skeie, i ei pressemelding.

Det kan søkjast om kompensasjon for bortfall av inntekter som følge av koronavirusepidemien og til kostnader til digital gjennomføring av lokale arrangement og aktivitetar.

Dei viser til si heimeside for nærare informasjon.