Gå til sidens hovedinnhold

Oppmodar til ryddedugnad i nærmiljøet

Lokalt ligg det mykje plast og anna avfall på mange strender og andre område i utmark. Innbyggjarane vert oppmoda om å ta i eit tak.

Ordninga med å rydda avfall i fjøra, langs vatn og elvar held fram. Årets TV-aksjon fokuserte på plast i havet. 80 prosent av plasten som finst i havet har si kjelde frå land. Dermed er det viktig å rydda på land, meiner både IHM og Eidfjord kommune.

Eidfjord kommune og IHM samarbeider om å få rydda opp i Eidfjord.

Her kan ein henta sekkar og hanskar på kommunehuset. Dersom ein vil rydda i Jondal eller tidlegare Ullensvang herad har IHM tilgjengeleg ryddeutstyr på miljøstasjonane.

På sine nettsider minner IHM om kor viktig det er å gjera dette i samsvar med helsemyndigheitene sine tilrådingar og å respektera myndigheitene sine restriksjonar.

– Ingen må samla seg i grupper på meir enn fem personar og ein må halda god avstand. Ryddeaksjonar med over 20 personar må ha ein ansvarleg arrangør med oversikt over alle som er til stades. Dersom ein ryddar og mellomlagrar avfall, er det viktig å sikre dette avfallet og ha ein plan for handtering av det i etterkant. Små mengder, ein liten berepose, kan leverast i avfallsdunk saman med restavfallet.

På den nye ryddeportalen https://ryddenorge.no/ kan ein registrera område som treng rydding eller område der ein har hatt aksjonar.

Kommentarer til denne saken