Oppmodar til naturmangfald

Natur: Illustrasjonsfoto: Mette Bleken

Natur: Illustrasjonsfoto: Mette Bleken

Fylkesmannen i Vestland oppmodar kommunar i fylket om å søka økonomisk støtte for å laga kommunedelplanar for naturmangfald.

DEL

Det er Miljødirektoratet som styrer ordninga, som ti kommunar har prøvd ut. No får fleire høve til det same.

Å ta omsyn til naturmangfald er viktig i kommunal planlegging, heiter det i ei pressemelding frå fylkesmannen.

Ein veg for å bidra til dette, er altså å utarbeide ein kommunedelplan.

Regjeringa har ønska å prøve ut om slike planar kan vera eit verkty for å synleggjere naturmangfaldet i kommunane og lot ti kommunar laga slike i 2016-2018. No inviterast nye kommunar til å delta i prosjektet.

Fylkesmannen oppmodar kommunane i Vestland til å søkje støtte og utarbeide slike kommunedelplanar. Fylkesmannen kan gje nærare råd til kommunane i prosessen med delplanar for naturmangfald.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken