– Dei som har lærekøyrt mykje er mindre utsett for ulykker etter at dei har fått førarkort, stadfester vegvesenet i ei pressemelding.

Rådgjevar i Statens vegvesen, Geir Aage Sogn, seier at det er viktig å skaffe seg så mykje erfaring som mogleg før ein skal ut i trafikken åleine.

– Om du planlegg å ta førarkort rett etter fylte 18 år oppmodar me om at du startar med regelmessig lærekøyring frå du er 16 år. Forsking syner at dei som har lærekøyrt mykje, er mindre utsett for ulykker etter at dei har fått førarkort.

Han meiner det er smart å først starte med føraropplæring med ein prøvetime hjå trafikkskule, gjerne med foreldre som følgesveinar. Ifølge Sogn må mesteparten av lærekøyringa skje privat, for å få øvd nok. Det er anbefalt å bruke minst to år på opplæringa dersom du tek førarkort for første gong.

Får å få retten til å lærekøyre må ein først ta trafikalt grunnkurs. Dette kan ein gjere ved ein godkjent trafikkskule.

Hugseliste for lærekøyring:

  • Alltid ha med bevis på gjennomført trafikalt grunnkurs.
  • Legitimasjon.
  • Raud L på kvit bakgrunn, bak på bilen.
  • Den du lærekøyrer med må vere fylt 25 år, og ha hatt førarkort i same køyretøyklasse som ein lærekøyrer i samanhengande dei siste fem åra.

Statens vegvesen opplyser at dei også har tilbod om informasjonsmøte for føresette som skal lærekøyre med framtidige bilførarar.