Oppfordrar til å framleis følge smittevernråda, og åtvarar mot stor flaumfare

Ordførar Roald Aga Haug sende onsdag ut ei pressemelding med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Ullensvang kommune.

Ordførar Roald Aga Haug sende onsdag ut ei pressemelding med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Ullensvang kommune. Foto:

Ordførar Roald Aga Haug minner innbyggarane om at dei nasjonale smittevernråda gjeld vidare, sjølv om samfunnet no går sakte tilbake til meir normal drift på mange område.

DEL

— Dei nasjonale smittevernråda gjeld vidare og er viktige for å førebygga nye smittespreiingar. Innbyggarane og besøkande har gjort ein stor innsats. Det er viktig at ein no i meir «normal» drift på arbeid og fritid, opprettheld hygieneråd, handvask, avstandsbegrensning og avgrensing i ansamlingar. Det vil motverka at ev. smitteutbrot vert unødvendig omfattande, seier Aga Haug i ei pressemelding.

Ordføraren forklarar at kommunen no tar i bruk att sjukeheimsplassar som har vore brukt til beredskap for koronapasientar. Samtidig ser ein på interkommunalt samarbeid om koronaavdeling ved eventuelt utbrot av smitte.

— 202 testar er no gjort, og det er framleis ikkje påvist smitte i Ullensvang kommune. Massetestinga er i rute. Vi er ikkje oppe i fem prosent enno, men vil klare det dersom behovet aukar. Det har vore ein merkbar nedgang i førespurnader på e-post, telefon og liknande. Vi får tilført meir og meir smittevernutstyr. Situasjonen startar å vli god på tilgang til utstyr, seier han.

På Odda sjukehus er det framleis åtgangskontroll, elles fungerer sjukehuset som normalt, forklarar Aga Haug.

Ordføraren seier i pressemeldinga at det har vore ein god oppstart i oppvekstsektoren, og ein planlegg for normal drift av skular og barnehagar. Hardanger lensmannskontor har god kontroll på vanleg drift og publikumstenester.

I pressemeldinga frå ordføraren står det og at det framover vil vere kraftig auka risiko for flaum.

— Det er 40 prosent meir snø i fjellet enn normalt. Ein må tilbake til 1968 for å finne tilsvarande målte snømengder, seier ordføraren.

Artikkeltags