Kommunen kartlegg skadeomfanget: - Avgjerande at vi får ei avklaring på Opo-brua

Opo bru har fått ein svai. Brua er no stengt, og trafikken blir dirigert over gangbrua.

Opo bru har fått ein svai. Brua er no stengt, og trafikken blir dirigert over gangbrua. Foto:

Odda kommune har hatt eit nytt kriseleiingsmøte måndag morgon.

DEL

- No har heldigvis vassføringa gått tilbake i løpet av natta, seier ordførar Roald Aga Haug.

Måndag morgon var det nytt kriseleiingsmøte, der dei oppdaterte seg på situasjonen. Det mest kritiske no er at brua over Opo til Shell og Hardanger Folkeblad er stengt. Mesta dirigerer no trafikken over gangbrua, men er uroa for korleis det blir dersom den også må stengast.

Var kritisk i Røldal

Grunnen til at brua er stengt, er at det vart rapportert inn ein svai i brua søndag kveld. Ordføraren opplyser at sivilforsvaret melde om ein ny «dupp» i brua klokka to i natt.

- No er vi veldig spent på kva Vegvesenet seier. Det er avgjerande at vi får ei avklaring, seier Haug.

Det er også infrastruktur som straum og vatn i bruene. I Røldal var det søndag ein kritisk situasjon knytt til straumforsyning til vasshandsamingsanlegg.

- Der stod det om centimeter før vassforsyninga kunne bli kutta. Vi unngjekk det med små marginar, seier Haug.

Evakuert

I tillegg til det som vart meld om i går, vart også vegen mellom Røldal og Sauda stengt på tre ulike plassar. Brua over til Løyning er framleis stengt, og kommunen sender i dag ut folk som sjekker ulike vegar og ser på skadeomfanget.

Ved sjukehuset har det kome vatn gjennom ein forstøtningsmur, og ved Freimssanden vart eit hus evakuert søndag. Ein annan familie har evakuert seg sjølv.

Halv tre i dag skal kriseleiinga ha eit nytt møte der Vegvesenet er med.

Artikkeltags