Ny kartlegging av Opo: Det vil bli ein del aktivitet

Elvepromenade: Slik ser Opo ut etter arbeidet som er gjort sidan flaumen i 2014.

Elvepromenade: Slik ser Opo ut etter arbeidet som er gjort sidan flaumen i 2014. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I kommunestyremøtet onsdag skal politikarane i Odda få informasjon om at NVE til våren skal utføre ei ny kartlegging av Opo.

DEL

– Det er til våren, så ei stund fram i tid. Då vil det bli ein del aktivitet, mellom anna med drone langs elva, seier Eirik Lia i Odda kommune.

I eit brev til kommunen som vart sendt i slutten av førre månad skriv NVE at området som skal kartleggast er frå utløpet til fjorden til utløpet av Sandvinvatnet.

Målet med kartlegginga er ifølge brevet å dokumentere sikringsarbeidet som er utført sidan flaumen i 2014, kartlegge naturfare og eventuelt å planlegge framtidige sikringstiltak. I brevet står det:

«Kartlegginga vil verte utført med laserscanning frå fly, ekkolodding frå båt og måling med handhalde måleutstyr.»

Arbeidet skal utførast i april 2018.

Artikkeltags