Dei tre politikarane blei valde av kommunestyret til å følga opp intensjonsavtalen med SKL om flaumtunnel og kraftverk i Opo.

På onsdag skal formannskapet og utviklingskomiteen behandla rådmannen si innstilling til uttale frå Odda kommunestyre.

Les og: Har Odda råd til å bygge ut Opo?

Der foreslår rådmannen at kommunestyret vedtar å tilrå NVE å gi SKL konsesjon til å etablera flaumkraftverk.

Samarbeid med SKL

– Vi meiner at den uttalen som rådmannen har lagt fram i stor grad er bra og dekkande for det vi i kommunestyre si nedsette gruppe har erfart, seier Haug.

Dei meiner at ein flaumtunnel er den beste måten å vareta sikkerheita til innbyggarane.

Les og: For Odda Venstre er det tryggleiken til innbyggarane langs Opo og Sandvin og Hildal som er det viktigaste

– Vi ser ikkje at dette er mogleg å få til på andre vis enn gjennom samarbeid med SKL, seier han.

Han seier at dei gjennom prosessen berre har blitt meir overbeviste om at det må ein omløpstunnel til for å få vatnet ned til Sørfjorden.

Fisk

– Det som har vore viktig for oss og for kommunestyret er at fisken blir varetatt. Med dei biologiske undersøkingane som har vore, ser vi at det blir den. Så er det opp til NVE å avgjera om undersøkingane og manøvreringsregimet sikrar gode forhold for anadrom fisk. SKL vil ha fullt ansvar for at dette vert vareteke i framtida.

Storekleiv

Førre veke stod innbyggarar i nabolaga Erreflot, Storekleiv og Hetleflot fram i HF og frykta konsekvensane av flaumtunnel og anleggsarbeid i nabolaget grunna SKL sine planar om å bygga ein 360 meter lang tunnel ned frå Storekleiv til sjølve flaumtunnelen.

Les og: Flomtunnelen som naboene på vestsida fryktar

Haug trur ikkje at dette blir eit stort problem.

– Den vil altså ligga fleire hundre meter inne i fjellet og 50 meter lågare enn Storekleiv. Andre stader bygger dei tunellar og parkeringshus langt tettare på bebyggelse enn dette. Storekleiv må lyttast til og deira behov vil det kunne leggast til rette for. Det er snakk om maksimalt tre månader med anleggstrafikk der, og vi ser og for oss at det kan vera mogleg å sjå på andre plasseringar av portalen. Eg ser ikkje nokon fare for bumiljøet der, seier han.

Gode referansar

Arbeidsgruppa har vore i kontakt med andre kommunar for å få referansar for SKL som selskap, og seier tilbakemeldingane har vore gode frå naboar og lokalsamfunn.

Haug ser også store fordelar med at SKL får ansvar for drift og vedlikehald.

– Det er heilt uavklart kven som skal ha kostnadane med andre eventuelle sikringstiltak utan kraftverk. Det kan fort bli ei stor rekning for Odda kommune som eg ikkje ser for meg at vi kan ta på oss, seier han.

Etter at høyringsfristen til SKL sin konsesjonssøknad går ut, vil det komma ei ny høyring på NVE si utgreiing av flaumlukealternativet.

NVE

Haug ser ikkje på det som særskild problematisk at høyringane ikkje er samtidig.

– Flaumlukealternativet vil vi ta stilling til når det kjem opp.

Han strekar under at Odda kommune berre er ein høyringsinstans i begge sakene.

– Det er NVE som handsamar saka. Dersom dei kjem fram til at flaumluker er ei fullgod løysing vil ikkje SKL få konsesjon til flaumtunnel med kraftverk. Det trur eg heller ikkje dei får dersom NVE kjem fram til at dei ikkje varetar fisken på godt nok vis.