Kommunen ber folk oppføre seg i debatten om flaumsikring

Engasjement: Saka om korleis Opo bør sikrast mot flaum har skapt stort engasjement dei siste månadane. Til dømes då det før folkemøtet om flaumlukerapporten i kinosalen vart arrangert ein marsj for Opo.  Dette bildet er kun brukt som illustrasjon på engasjementet saka har skapt.

Engasjement: Saka om korleis Opo bør sikrast mot flaum har skapt stort engasjement dei siste månadane. Til dømes då det før folkemøtet om flaumlukerapporten i kinosalen vart arrangert ein marsj for Opo. Dette bildet er kun brukt som illustrasjon på engasjementet saka har skapt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mange har meldt frå til kommunen at dei vegrar seg for å gå inn i debatten om flaumsikring i Opo, på grunn av debattklimaet. No oppmodar kommunen til ein sakleg debatt utan personangrep.

DEL

- Privatpersonar melder frå om at dei let vere å delta i ordskiftet, for å unngå reaksjonar og ubehag. Det er viktig at privatpersonar og andre kan oppleve eitt ryddig debattklima, der ein kan seie det ein meiner utan å bli utsett for ubehag. Frå kommunen si side vil vi difor oppmode til sakleg debatt utan personangrep skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding på Odda kommune sine heimesider måndag morgon.

Spørsmålet om korleis Opo skal sikrast mot flaum har skapt stort engasjement både i sosiale medier, gjennom lesarinnlegg til HF og elles i Odda dei siste månadane.

16. mai skal politikarane i kommunestyret kome med si endeleg tilråding til om vassdraget bør sikrast gjennom bygging av ein flaumtunnel og kraftverk, eller gjennom bygging av ei flaumluke i Sandvinvatnet.

I meldinga si på kommunen sine heimesider måndag, seier ordføraren at det store engasjementet oddingar har vist i saka er bra, men han ber samtidig folk om å ta vare på kvarandre

- Det vert rapportert om netthets og munnleg sjikane. Privatpersonar og politikarar har opplevd ubehagelege meldingar som går på person og ikkje sak. Enkelte har også meldt frå om at familiemedlemar har opplevd å få negative meldingar. Vi veit det er ei krevande sak, men det er viktig at vi tek vare på kvarandre i Oddasamfunnet også i denne saka, skriv Aga Haug.

Artikkeltags