Den såkalla TRAiN-studien (Training in Norway) skal dela deltakarane inn i to grupper: Éi gruppe som får trena på treningssenteret i to veker, og éi som må trena som dei har gjort elles sidan sentera vart stengde 12. mars. Dersom spreiinga av koronaviruset er lik i begge gruppene, vil det vera trygt å gjenopna treningssentera i Noreg, skriv leiarane for studien i ei pressemelding.

9.000 medlemmer i kjedene Sats, Evo og Stolt i Oslo vil få førespurnad om å delta, og dei vil bli fordelte på gruppene ved loddtrekning. Berre medlemmer som er mellom 18 og 64 år og utanfor risikogruppa for alvorleg sjukdom, vil få førespurnad.

TRAiN-studien blir leidd av professorparet Mette Kalager og Michael Bretthauer ved Universitetet i Oslo. Prosjektet har fått omtale i den amerikanske storavisa New York Times.