Opnar opp miljøstasjonane, men åtvarar mot storopprydding

Ellen T. Astrup er kommunikasjonsrådgjevar i Indre Hordaland Miljøverk.

Ellen T. Astrup er kommunikasjonsrådgjevar i Indre Hordaland Miljøverk. Foto:

- Etter oppmoding frå Fylkesmannen og Miljødirektoratet har IHM bestemt seg for å opna opp miljøstasjonane våre, melder Indre Hordaland Miljøverk (IHM) til kundane sine fredag.

DEL

For å avgrensa talet på kundar samla inne på stasjonen, vil dei sleppa bilar inn i puljer.

- Me oppfordrar likevel om å ikkje bruka den ekstra tida de no har heime til storopprydding, er den klare meldinga frå IHM.

- Me gjer det me kan for å unngå smittefare og ber våre besøkjande om å ta fylgjande hensyn:

  • Hald god avstand og hald din plass i køen, ha god håndhygiene før, under og etter besøket hjå oss.
  • Sorter avfallet godt før du lesser på bilen.

IHM tek imot betaling både på kort og vipps.

I Eidfjord vert det ope onsdag 15. april, i Kinsarvik og Jondal 16. april.

Innsamlinga av hushaldningsavfall går som normalt

«I ein situasjon med omfattande smittespreiing blant befolkninga er det viktigare enn nokon gong at avfallsinnsamlinga fungerer og at våre renovatørar og driftspersonell held seg friske», er beskjeden frå IHM.

Dei oppmodar kundane til å hjelp dei å halda renovatørane friske med desse enkle grepa:

  • Ver nøye med sortering
  • Alt av restavfall ligg knytt i pose
  • Alt av bioavfall ligg i biopose
  • Sørg for at loket på behalder er godt att, slik at det ikkje vert restar på utsida
  • Lag dobbelknute på plastretursekk og set attmed dunken. Ikkje knyt fast i papirdunken.

Artikkeltags