Opna vegen etter ras

Foto:

Søndag morgon var geolog i helikopter for å sjå på rasområdet i Eidfjord. Etter det blei det konkludert med at vegen kunne opne søndag.

DEL

Riksveg 7 ved Kyskredo blei stengt etter at det gjekk eit større snøskred laurdag.

Kommunen er isolert for biltrafikk, då riksvegen er sperra både ved raset og på Hardangervidda grunna uvêr. Kystvakta var søndag morgon på plass for å ta passasjerar frå Eidfjord til Brimnes.

Klokka 11 melder vegtrafikksentralen at vegen truleg er rydda og opna klokka 13:00 søndag. 12.49 melder dei at opninga blir forseinka, og at dei ventar at den vil vere opna klokka 16:00.

14.08 melder vegtrafikksentralen at vegen er open.

Artikkeltags