Du har nå sett Open stasjon – ein magnet på store og små
Open stasjon – ein magnet på store og små
Eidfjord brannvern samla inn heile 67 svarskjema etter rebusløypa på arrangementet open brannstasjon sist laurdag. – Det betyr at 67 ungar gjennomførte. Nokre var nok for store eller små til å delta. Det var òg mange vaksne, og nokre kom ned frå hyttene i Sysendalen. Det seier utrykkingsleiar i brannvesenet, Arne Bu. I tillegg til spyling på blink, hadde dei musikk frå brannbamsen Bjørnis, dei hadde rebusløype og køyring med brannbil. Dei vaksne (og ungane) kunne prøva seg på å dra ei dokke som vert brukt i røykdykkartesten. Det vart servert kaffi, brus og kake, som arrangøren beklagar at dei gjekk tom for og skulle hatt meir av. Hardanger Folkeblad har fått låna fine bilete frå dagen. Adrian Hus er fotografen.