Gå til sidens hovedinnhold

Opedal skule sende alle elevane heim

Opedal skule har ikkje vatn i dag og må stenga skulen.

Vatnet ved skulen på Lofthus er frose.

- Det er sett i gang røyrleggjararbeid, men dette kan ta tid og det er ikkje forsvarleg å halda skulen open utan vatn, melder rektor.

Elevane i 5.-7. klasse som kan gå heim vert informerte om dette og dei går heim frå klokka 9.00.

Rektor Helga Opedal har sendt ut denne meldinga til foreldra:

- Me ber om at foreldra hentar elevar i 1.-4. klasse og elevar i 5.-7. klasse som til vanleg tek bussen. Om det er nokon som ikkje kan henta borna kan borna vera på skulen til klokka 10.30. Då går det ein buss. Det vert ikkje SFO på skulen i dag. Ta kontakt med kontaktlærar om du har spørsmål eller vanskar med å henta barnet ditt. Elevane er i klasseromma og får undervisning fram til dei vert henta eller reiser heim klokka 10.30.

Alt måndag gav lærarane elevane oppgåver som dei skulle løysa heime og heimeskulen som ein lærde å kjenna frå mars 2020 var brått tilbake.

Klokka 13.25 sende rektor ut ny melding: - Vatnet er tilbake på skulen og det det vert vanleg skuledag tysdag.

Kommentarer til denne saken