Odda i manns minne nr. 26: Perfekt for nostalgiske oddingar

Artikkelen er over 1 år gammel

Omtale av Odda Mållag si «Odda i manns minne nr. 26»

DEL

Frå kvardagsliv under krigen til korndyrking på Ragde. Den 26. utgåva av Odda i manns minne inneheld mykje interessant stoff, som garantert vil vekka lokalhistorie-interessa hjå folk flest. Fleire kapittel er via okkupasjonsåra 1940–1945 i Odda og Tyssedal, og denne gongen kan mållaget by på interessante kjelder som ikkje har vore offentleggjorde tidlegare.

Odda i manns minne har fått tilgang til Olav Drivenes sine dagbøker frå krigsåra, som hans etterkommarar har gitt til NVIM. Motstandsmannen Drivenes var lærar i Tyssedal under krigen, og hadde gøymt ein radio i eit kateter på skulen, slik at han kunne høyra nyhende frå London. Store delar av dagbøkene inneheld skildringar frå krigssituasjonen ute i verda, men også kvardagslege hendingar lokalt – frå folk som vart arresterte for å ha sunge Internasjonalen, til fest på hotellet med tyskarar og nazistar i det Drivenes kallar «friskt» samlag. Dagbøkene er fulle av galgenhumor, men fortel også om ei tid prega av lite mat, frykt, Gestapo-arrestasjonar og tortur. Utdraget frå dagbøkene i Odda i manns minne gjev eit unikt bilde av lokalsamfunnet under nazistisk okkupasjon. Arne Odd Stalheim si skildring av oppveksten i Tyssedal, slik han hugsar det, er eit anna sterkt kapitel frå dei lokale krigsåra.

Mållaget har også fått med seg Frode Grytten på laget, som i «Imperiet Hjøllo» skriv om oppveksten i Odda på 1960-talet. «For første gong står det om meg i avisa. Vi har vunne gatecupen. Hjøllo har vunne gatecupen. Eg er ein person. Eg heiter noko. Eg har eit ansikt. Eg har ei fotballtrøye og eit breitt glis. Eg spelar for Hjøllo, minnest Grytten.

Fotball er også eit tema for Odda i manns minne-debutant Vidar Solvi, som tar lesarane med tilbake til 1970-talet då Odda (ifølge forfattaren) hadde verdas beste fotballspelarar. «Brødrene Hjørnevik herja i kver sin enda av banen. Kjell nikka inn uante mengder mål i kver kamp, og Arve nekta å slippa inn noen i andre enden», kjem det frå Solvi, som vart oppmoda om å skriva dialektnært. Han ser også tilbake på stiftinga av Odda sykkelklubb i 1981, og det beinharde rittet frå Odda til Bø året etter.

Odda Musikklag har 110 årsjubileum i 2017, noko som vert markert med mange humoristiske skildringar av musikklaget sine historiske ferder og speleoppdrag rundt om i distriktet. Reidar Borgstrøm fortel om fisk og fiske i Sandvinvatnet, mens skriftstyret har skrive eit verdig minneord om Arne Tokheim.

Årets utgåve er elles fylt med mange artige små og store forteljingar – ispedd historiske annonseutklipp frå ei svunnen tid. Oddas Mållag har klart det igjen, Odda i manns minne er og vert den perfekte julegåva til historieinteresserte og nostalgiske oddingar.

Artikkeltags