Ikkje berre fin, òg viktig

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Mellom himmel og fjord. Sjå!Takk! Kunsten i landskapet får leva vidare. Frå 2014 har kunstlandskap vakse fram. På Bu, Utne, Mælen og i Norheimsund. Kunstverka ute, mellom himmel og fjord, har tilført Hardanger mykje.

Gjennom boka med lik tittel som kunstprosjektet i regi av kunstnarorganisasjonen Harding Puls, kan ein sjå og undra seg. Kunsten er skapa av 44 kunstnarar i det treårige prosjektet frå 2014 til 2016. Nokre verk kan ein oppleva på staden i fleire år framover. Nokre få fekk svært korte liv. Andre kom ikkje lenger enn til planleggingsstadiet.

Desse får ein innsyn i gjennom ein tekst av kurator for prosjektet, Kjell-Erik Ruud, og ein tekst av Elisabeth Schei. Ruud skriv om verket ingen ville ha, og tek i hovudsak sjølvkritikk for ikkje å ha stått opp for eit planlagt verk på Bu av Lars Korff Lofthus. «Bygda (ikkje alle i bygda) ønskte ikkje å få eit verk som kanskje kunne få nokon til å tru at dette var «homobygda»», skriv Ruud. Korff Lofthus valde å trekka verket. Men Ruud ynskjer å visa kva vi mistar.

Ytringsfridom og sensur vert òg inngåande debattert i eit intervju med kunstnaren Gitte Sætre. Ho fekk berre visa videokunsten sin i vindauget på Thon Hotel Sandven i ei knapp veke før verket vart demontert, fordi nokre av gjestene vart støtt. I videoen sit Sætre på kne utanfor Stortinget og vaskar bakken med det norske flagget. Handlinga var motivert av mottakinga Dalai Lama fekk av mange politikarar under norgesbesøket.

Journalist Mette Bleken har skrive tekstar til verka og til dei fire ulike stadane: Norheimsund, Bu, Mælen i Herand og uteområdet til Hardanger folkemuseum på Utne. Tankevekkande tekstar, tekstar å spinna vidare på. Tekstar som tilfører meir og som tydeleg syner eit glødande engasjement.

Fotograf Oddleiv Apneseth har fylgt arbeidet til kunstnarane, fram til dei ferdige verka. Han har ikkje berre fanga verka, men òg omgjevnadane. Hans utsnitt og motivval er med på å lyfta ikkje berre bokverket, men òg kunsten.

Nytta du ikkje høvet til å sjå kunsten på staden, gjev boka deg moglegheit til gode opplevingar og næring til ettertanke, slik prosjektleiar Solfrid Aksnes skriv i føreordet.

Boka har heile 240 sider i stort format å gle seg over.

Artikkeltags