I ei pressemelding skriv Voss Resort at dei har ei auke på 32 prosent i talet på selde kort samanlikna med i fjor.

– Aldri før har Voss Resort seld fleire sesong- og årskort før ein skisesong enn i år. Det kjem godt med, med tanke på endringa i kostnadsbilete. Det som og er særleg gledeleg er det at det er heilårskortet som aukar mest, opplyser dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar, Anna Bryn.

Klare for ein ny vinter med rekordsal av sesongkort.Foto: Voss Resort/Hunnalvatn Media

I år opnar Voss Resort ny 6-seters Tråstølheis og satsar på terrengpark.

I Myrkdalen har dei også hatt rekord i år.

– Sesongkortsalet har førebels gått veldig bra, og det blei ny omsetningsrekord i fyrste kampanjeperiode. Det viser vel at folk har lyst til å stå på ski, og det gjev ein peikepinn på korleis vinteren vil bli, så me tolkar dette som at folk vil på ski til vinteren, sa Gro Hånes Lund, forretningsansvarleg for drifta i Myrkdalen, til BA tidlegare denne veka.

Denne saka er henta frå Avisa Hordaland, ei samarbeidsavis.