Tyssedal vann 6-0 i første treningskamp

Treningskamp: Tyssedal A-lag spela onsdag heime mot Voss 2 i snøen. Til våren skal dei møte OFK i serien. foto: Inga Øygard Jaastad

Treningskamp: Tyssedal A-lag spela onsdag heime mot Voss 2 i snøen. Til våren skal dei møte OFK i serien. foto: Inga Øygard Jaastad

DEL

Det har no vorte klart at OFK A-lag og Tyssedal A-lag skal spele i same avdeling i 7. divisjon. Det bekrefter Tyssedal TIL på sine facebooksider.

I følge NFF blir første lokaloppgjer på OFK sin heimebane på Eide 5. mai.

- Dette blir kamper med potensielle publikumsrekorder, skriv Tyssedal TIL på Facebook.

OFK skulle eigentleg spele i 4. divisjon i årets sesong, men valde å trekke laget, og heller starte opp att i 7. divisjon.

Det var lenge uklart kva for ein avdeling dei skulle spele i, men det er no klart at både OFK og Tyssedal skal spele i avdeling 2.

Tyssedal sitt A-lag spela første treningskamp for sesongen onsdag mot Voss 2. Den vann dei 6–0.

– Ei positiv oppleving, skriv trenar Rolf Rene Litsheim

Voss 2 kjempa i førre sesong i toppen av 6. divisjon.

«En positiv opplevelse der vi ser igjen mye av det vi har jobba med på treningsfeltet. Vi har hatt mange på treningene og det har vært god stemning og god innsats», skriv trenar Rolf Rene Litsheim på melding til HF.

I framkant var det tvil om kampen kunne spelast på grunn av været. Men då spelarane møtte på matta, hadde det vore brøytemannskap på staden sidan klokka 16.

Vidare i meldinga skriv Rolf Rene at «Vi fikk testa ut folk i nye posisjoner og vi fikk testa ut mange av de nye spillerne. Det er riktignok en treningskamp, men vi ser en klar forbedring fra fjoråret på mange områder».

Artikkeltags