Ditt Hardanger
Samlinga på Utne var den åttande sidan dette kullet tok eksamen i Odda våren 1966. Treffet var utsett frå i fjor på grunn av pandemien. Russen 66 har vore samla kvart 5. år sidan 1986, men grunna utsetjing og nokre sjukdomsforfall vart vi litt færre på samlinga denne gongen. Dei fleste i russegruppa har møtst att nokså mange gonger på 56 år. Slik unngår vi problem med å kjenna kvarandre att. For det kan ikkje nektast at dei fleste av oss ser noko annleis ut enn då vi i 1966 tok gruppebilde i «Steinparken» ved rådhuset etter at vitnemåla var delte ut. Då var vi 47 unge, lovande som, fordelte på to nokolunde like store klassar, hadde avlagt eksamen på engelsk- og reallinja. Dei aller fleste artianarane i 1966 var oddingar, men nokre kom frå (gamle) Ullensvang herad. Berre 10–11 av dei 47 vart verande att i Odda eller Ullensvang.
Russefesten i 1966 vart halden på Solfonn hotell, og det var dette hotellet vi heldt oss til dei første gongene vi hadde gjenforeiningar.
Sidan har vi dei fleste gongene vore samla på Hotel Ullensvang, seinast i 2016. Ved så godt som alle samlingane har vi, i tillegg til sjølve kveldssamlinga på laurdagen, hatt program eller arrangement i Odda eller Tyssedal, oftast tilknytt kultur eller verksemder der. Som døme kan vi nemna vitjing på Industristadmuseet, Ilmenittsmelteverket og Odda Smelteverk. Ved samlinga på Utne dette året vitja vi Agatunet og fekk ei grundig og interessant innføring i soga til det særmerkte anlegget ved Guttorm Rogdaberg. I tillegg fekk vi ei flott orientering om den nye siderkulturen i Hardanger, sjølvsagt underbygd av smaking på dei nye produkta.
Før festmiddagen på Utne hotel laurdagskvelden gav Kåre Grønsnes oss ei lun innføring i fakta og hendingar i samband med etableringa av Nye Ullensvang kommune. Bordseta etterpå var ei stor smaksoppleving. Etter middagen var det i gamle dagar dans, lått og løye utover natta, men med ein gjennomsnittsalder på 75 måtte russen litt resignert konstatera at alderen krev sitt …
Men det vart optimistisk planlagt ny russesamling, truleg i sjølve Odda by, om fire år. Då er vi i rute att med samling kvart 5. år.