– Skulebruksplanen er god og heilskapleg. Det er ein plan som skal ivareta prinsipp om regional skulestruktur. Alle regionar skal ha eit godt og breitt tilbod av fag. Samtidig skal vi prøve å styrke fagmiljøa ved å etablere større einingar, seier opplæringsdirektør Svein Heggheim i ei pressemelding.

Innledningsvis i forslaget til innstilling står det at idrettslinja og påbygg ved Odda vidaregåande skule vert lagt ned, men om ein les meir om fagtilbodet ved skulane ser ein at både byggfag og bilmekanikarlinja er foreslått fjerna i framtida.

Samstundes går ein inn for at skulen framleis får ha elektrofag, helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), TO-tilbod og innføringskurs for minoritetsspråklege.

Kritisk industri

Planen er ikkje vedteken, og har difor ikkje nokon konsekvens for tilbodet dei komande skuleåra.

Per i dag må elevar på sju av 13 utdanningsprogram søke seg til skular andre stader, men i skuleåret 2011/12 gjekk 86 prosent av ungdommen frå Odda på vidaregåande skule same stad.

Tilbodet ved Teknikk og industriell produksjon (Tip) vert redusert, noko som er stikk i strid med det bedriftene i Odda ynskjer.

Boliden og TiZir gav mellom anna ei felles høyringsuttale der dei kalla dette ein stor trussel for ikkje berre bedriftene, men heile lokalsamfunnet og indre del av fylket.

– Det er et paradoks at våre utanlandske eiere er villige er villig til å satse milliardbeløp i Odda på grunn av skulen og viljen til å forbedre utviklinga av organisasjonen, mens myndigheitene i sitt planutkast, kan svekke vår konkurransesituasjon, uttalte dei i haust.

Areal

– Skulen har for mykje areal. Mogleg frigjering av gymnasbygningen vert greia ut nærare. Yrkesbygget må eventuelt byggjast om før frigjering kan gjennomførast, heiter det i forslaget til innstilling i skulebruksplanen del 2.

Den går til handsaming i opplærings- og helseutvalet 12. februar, til fylkesutvalet 20.–21. februar og endeleg vedtak i fylkestinget 12. og 13. mars.

– Skulen har få elevar på fleire av utdanningsprogramma, samstundes er det venta nedgang i elevtalet. Nokre av utdanningsprogramma bør leggjast ned for å kunne få litt større og meir stabile tilbod andre stader i regionen (les Voss), heiter det i høyringsutkastet. Idrettslinja er eit av fleire tilbod som er foreslått flytta til Voss.