Regjeringa aukar budsjettet til flaum- og skredsikringsarbeid med 55 millionar kroner

Flaum: Slik såg det ut på Sandvin etter flaumen i oktober i år.

Flaum: Slik såg det ut på Sandvin etter flaumen i oktober i år. Foto:

I samband med gjennomgang og endringar av 2018-budsjettet føreslår regjeringa å auke budsjettet til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med 55 millionar kroner.

DEL

Dette skal brukast til å følge opp flaumen i Oppland og på Vestlandet tidlegare i år, opplyser olje- og energidirektoratet.  

I Odda førte mellom anna dei store vassmengdene under flaumane i haust til skade på bruer og vegar.

- Fleire kommunar vart ramma av flaumen i oktober. NVE er i gang med tiltak for å rydde opp og avverje fare for ytterlegare skadar. Tilleggsløyvinga på budsjettet for 2018 sikrar NVE tilstrekkelege midlar til å gjennomføre dette viktige arbeidet, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg i ei pressemelding fredag.

Store nedbørsmengder i kombinasjon med høg temperatur og snøsmelting i fjellet førte til unormalt mykje vatn i fleire vassdrag på Vestlandet og i Oppland i haust.

Dette førte til evakueringar av folk og store skadar fleire stader, mellom anna i Luster og Skjåk.

Ifølgje departementet har NVE har god dialog med kommunane som vart ramma, og er i gang med tiltak og planlegging av flaumsikringsanlegg. 

Les og: NVE er nøgd med jobben flaumsikringa har gjort i Odda sentrum. Ordføraren er ueinig

Olje- og energidepartementet har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaum- og skredskadar.

NVE yter hjelp til kommunar og samfunnet elles med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanoppfølging, sikring, overvaking, varsling og med faglege råd under hendingar.

I Odda har NVE flaumsikra Opovassdraget i nedre del for over 100 millionar kroner dei siste åra.

Artikkeltags