Kommunen er i krisemodus: Her er det du må vite om vêrsituasjonen i Odda

Stor elv: Slik såg det ut på Løyning søndag ettermiddag. Elva var i ferd med å eta opp vegen.

Stor elv: Slik såg det ut på Løyning søndag ettermiddag. Elva var i ferd med å eta opp vegen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Store vassmengder trugar fleire stader i Odda kommune. Kriseteamet i kommunen har hatt møte.

DEL

– Etter å ha hatt kommunalt kriseleiingsmøte i kveld, meiner vi at vi har fått ei god oversikt, seier ordførar Roald Aga Haug.

På møtet var politiet, sivilforsvaret, Statens vegvesen, sjukehuset, Odda energi, Statkraft, alle etatssjefane i kommunen, rådmann, kommunelege, og kommunegeolog.

– Vi har og vore i kontakt med Brigt Samdal i NVE. Han opplyser at det er meir og kraftigare nedbør enn forventa, seier Haug.

– Ein sit igjen med kjensla av at vi hadde ein sjanse til å unngå dette, og vi tok den ikkje 

Båttransport

To vegar er stengde, Rv. 13 i Oddadalen mellom Odda og Skare, og Rv. 13 ved Byrkjenes mellom Odda og Tyssedal.

– Vi har beredskapsbåt mellom Odda og Tyssedal. Der går Pilagut fram til klokka 22, opplyser Haug.

Frå måndag morgon er MS Lindenes sett inn, med første avgang klokka 6 frå Odda.

– Vegvesenet vil gjera ei ny vurdering måndag morgon, då vil vi få vite om vegane kan opnast.

Ambulansar, sivilforsvar og heimesjukepleie

I Tyssedal førehandstappar Statkraft no Tysso 2 som har overløp. Der renn det no 62 kubikk per sekund, og tiltaket er for å førebygga at ein kjem i ein vanskeleg situasjon.

– Vi har ambulanse både på Tyssedalsida og sør for stenginga i Oddadalen. Vi har og kontakt med ambulanse i Vindafjord, seier Haug.

Sivilforsvaret har mannskap som er parat til å assistere.

– Vi set og ut to mann frå Odda kommune, som er ute og følger med på situasjonen i kveld og i natt.

Når det gjeld heimesjukepleia, organiserer kommunen det slik at dei som bur i Tyssedal jobbar i Tyssedal og tar seg av brukarane der.

For dei som bur på «feil» side av vegstengingane, har kommunen kontakt med legevakt både på Voss og i Vindafjord.

Eit hus evakuert

– I Røldal har vi ein kritisk situasjon knytt til straumforsyning til vasshandsamingsanlegg. Der kan straumen bli kutta, og det kan få konsekvensar for vassforsyninga, opplyser Haug.

På Løyning har vatnet grave ut store massar, og det er skader på brua.

Kommunen har vore og observert brua på Jordal, der det har vore bekymring for store vassmassar.

Eit hus i kommunen er evakuert på grunn av trugande vassmassar, det ligg på Freimssanden.

– Dei som bur der har ordna seg overnatting sjølv, men vi har avklart at hotell i Odda har rom dersom det skulle bli behov, seier Haug.

Han seier kommunen har blitt kontakta av bekymra og fortvilte innbyggjarar.

– Vi kan ikkje gjera så mykje med å stogga vatnet, men vi kan vera best mogleg førebudde, seier ordføraren.

Skremmande

Haug seier det er skremmande mykje vatn enkelte stader søndag kveld.

– Dette er det høgste nivået vassføringa har vore på sidan flaumen i 2014.

Han peiker på at vassføringa har auka i raskare tempo utover dagen. Søndag morgon auka den med 3–5 kubikk i timen, medan det mellom klokka 17 og 18 auka med 15 kubikk på ein time.

– Sør for Sandvinvatnet opplever folk at det nærmar seg 2014-nivå, seier han.

Haug seier det er svært viktig for kommunen å halda seg oppdaterte på vegstengingane.

– Det er ein krevjande situasjon, spesielt om fleire vegar ut av kommunen blir stengde. Vi meiner vi har gjort det vi kan for å vera førebudde, både når det gjeld praktiske løysingar og det som går på tryggleik, seier han.

Skule

Oppvekstsjefen i Odda har kontakt med vidaregåande skule.

Ungdomsskuleelevane i Tyssedal får båttransport med MS Lindenes måndag, medan Skare-elevane får undervisning på Skare skule

– Både elevane og lærarane frå Skare blir verande i Skare måndag, seier Roald Aga Haug.

Artikkeltags