Mia Gundersen trykte på gullknappen for Tuva: Direkte vidare til semifinalen i Norske Talenter

Foto:

– Her kjem heile Odda, sa Solveig Kloppen då Tuva Lutro blei omfamna av familie på scena.

DEL

Tuva Lutro (12) var den første deltakaren i årets sesong av Norske Talenter som fekk dommarane til å trykka på gullknappen under audition, noko som sende ho rett til semifinalen i fredagskveldens episode.

Dommarane var frå seg av begeistring etter Odda-jenta sin song:

– Du rørte ved oss alle, sa Mia Gundersen etter 12-åringens framføring av Songbird. Det var Gundersen som trykte på knappen.

– Du trefte hjartet mitt. Eg blir stolt på familien din sine vegner. Vi er vitne til starten på ei flott songkarriere, sa Mona Berntsen.

Bjarne Brøndbo sa Tuva song så han blei varm i hjarterota.

– Alt startar ein stad. Kanskje startar di karriere her på scena, på audition til Norske Talenter, uttala han.

Janne Formoe sa ho berre ville grina av lykkerus.

– Eg gler meg til å sjå deg igjen, avslutta Mia Gundersen.

Artikkeltags