Ti fleire oddingar hittil i år

Arkivfoto

Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

I dei tre første månadane av 2018 sørgar eit tilflyttaroverskot for at folketalet stig med ti personar til 6845. For nye Ullensvang er fasiten 19 i minus.

DEL

Tysdag publiserte Statistisk sentralbyrå tal for korleis folketalet i Noreg har endra seg i løpet av første kvartal av 2018.

Til saman bur det no 11 275 personar i det som skal bli nye Ullensvang kommune frå 2020, medan Eidfjord kommune har 928 innbyggarar.

I Odda kom det ni innbyggarar til verda i årets tre første månader, noko som er lite i forhold til andre kommunar med same innbyggartal i Hordaland.

I Ullensvang kom tre nye innbyggarar til verda i første kvartal, medan det var 17 dødsfall. Noko som saman med negativ nettoinnflytting førte til at det ved utgangen av mars budde 3 338 innbyggarar i heradet, noko som er 25 færre personar enn på nyåret.

I Jondal var det 1092 innbyggarar etter første kvartal.

Artikkeltags