Til sak mot Møbelringen

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Odda Møbelsalg vart i 2005 ekskludert frå Møbelringen. Grunngjevinga var at Odda Møbelsalg var illojale mot kjedekonseptet. No går Odda Møbelsalg til retten med saka.

DEL

Administrerande direktør i Møbelringen, Peter Urkedal, uttalte i desember i fjor til Drammens Tidende at to verksemder var blitt ekskludert fordi dei var illojale til kjedekonseptet. Odda Møbelsalg på Hjøllo var ein av dei to.

Avviser illojalitet

Odda Møbelsalg meiner ekskluderinga er ugyldig og går difor til retten med saka, som skal opp til hausten.

Advokat Per Danielsen, som representerer Odda Møbelsalg, avviser skyldnadene om illojalitet.

- Dette er ikkje rett. Det er derfor saka er satt i gang, det var ikkje noko grunnlag for eksklusjon, seier han.

Danielsen seier også at eit forlik mellom Møbelringen og Odda Møbelsalg vart brote.

- Eit forlik vart brote fordi Møbelringen manipulerte og brukte udemokratiske metodar, meiner Danielsen, og kallar heile sakshandsaminga for ein farse.

- Har Odda Møbelsalg gode sjansar til å vinna saka?

- Vi har ikkje satt i gang for moro skyld, svarar Danielsen.

Utgifter på marknadsføring

Odda Møbelsalg krev også å få erstatta pengar som har gått tapt som følgje av ekskluderinga.

Dagleg leiar for Odda Møbelsalg, Nils Ove Ribesen, presiserer at verksemda framleis er aksjonær i Møbelringen.

- Konflikten går på marknadsføringsdelen. Det er der stridens kjerne har vore. Før vart vi marknadsført gjennom Møbelringen, no må vi stå for dette sjølve. Driftsmessig har ikkje Odda Møbelsalg lidd nokon nød. Leverandøravtalen har vi framleis, seier Ribesen.

I følgje avisa Drammens Tidende er det snakk om erstatningskrav på millionar.

Peter Urkedal, administrerande direktør i Møbelringen har ingen kommentar til HF utover det som tidlegare har blitt sagt.

- Dette er ei gamal sak, seier Urkedal til HF.

Det lukkast ikkje HF å få tak i Møbelringen sin advokat.

Artikkeltags