Skal greia ut språkdeling

Kjersti toppe: Frå Senterpartiet.    Foto:Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Kjersti toppe: Frå Senterpartiet. Foto:Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Artikkelen er over 3 år gammel

Stortinget har gjort eit positivt vedtak som kan gjera Oddamodellen nasjonal.

DEL

Stortinget vedtok tirsdag å greia ut om opplæring på eige målform skal utvidast til å gjelda også elevar i ungdomsskulen. I opplæringslova heiter det at det berre er elevane på 1.-7. trinn som har denne retten.

– Det er veldig viktig at Stortinget no har vedteke å greia ut språkdelt ungdomsskule. I dag er det mange elevar som har hatt nynorsk på barneskulen som berre får tilbod om bokmålsopplæring når dei byrjar på ungdomsskulen. Erfaringane frå mellom anna Odda syner at språkdelt ungdomsskule hindrar fråfall frå nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

- Dette er ein siger for nynorsken. Stortinget har med dette sett at nynorsken er truga og er bekymra for at for mange elevar ikkje får tilbod om nynorsk på ungdomsskulen, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet, som saman med Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og SV, kom med framlegget.

Kunnskapsministeren har opplyst at han vil greia ut behovet for, og kostnaden ved, å innføre ei nasjonal ordning tilsvarande Oddamodellen i løpet av våren 2017.

Artikkeltags