- Vi har god tid. Vi har lov å gjøra feil. Det er lov å drita seg ut. Ingen er perfekt, og det aller viktigaste vi kan gjøra er å jobba hardt og vera oss sjøl

Russepresident: Johannes Borge heldt tradisjonen tru tale.

Russepresident: Johannes Borge heldt tradisjonen tru tale. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Her er talen russepresident Johannes Borge framførte i Hovden 17. mai.

DEL

Talen til russepresident Johannes Borge:Hallo Odda!

Og gratulera så mye med dagen alle sammen! Dokke ser utrolig flotte ut i bunad og finstas! Og til min kjære russ: Med tanke på kor seint det blei i går, så ser dokke heilt fantastiske ut! No er vi i mål! Vi klarte det! Eller eksamenane er jo ikkje unnagjort då, men angåande russetida så gir eg heile gjengen toppkarakter!

Dåp, RFC, 1.mai-feiring, landstreffet, grillingar, russestrekar, og gårsdagens feiring her oppe i Hovden. Fy søren for kjekt vi har hatt det! No er russetida snart over, og sjøl om det er trist, trur eg alle er enige i at det skal bli godt å få seg rett antall timar søvn og endelig komma seg inn i noen reine klær igjen.

Eg har vert her oppe i Hovden kvar 17.mai i veldig mange år og hørt på de ulike russetalane og ALDRI hadde eg trudd at eg ein gang skulle stå her og holda denna talen sjøl.

Før sommaren i fjor blei eg oppfordra av medelever til å stilla som president ved det STORE russevalget i 3.klasse. Eg var veldig fram og tilbake om eg ville vera president, og for å vera heilt ærlig så var eg ikkje sikker på om eg var rette personen å ta på seg et sånt ansvar.


Men eg er så glad og takknemlig for at eg satsa litt på meg sjøl, og eg er evig takknemlig for at kullet mitt gjorde det samma og valgte meg. Tusen takk.

Den første uko i 1.klasse var vel alle lika sjenerte, litt redde og ganske så stille. Det varte ikkje lenge! Vi har vokst så utrolig mye på de 3 årene vi har gått på vidaregåande, og vi har fått minner og vennskap for livet.

Denna gjengen gikk fra sjenerte og stille, til ein utadvendt, morsom, kanskje litt bråkete og kjekk gjeng! Oddarussen 2018: De lever i nuet, de er inkluderande, de er alltid med på ein god fest, de er varme, snille, litt ville og veldig gode. Og det har grodd fram nokre sterke og engasjerte personlighetar på kort tid. Eg er veldig heldig og glad for at eg fikk voksa med dokke.

Les og: – Vi har alltid god kontroll når vi arrangerer festar

Russeåret blei sparka i gang med revyøvingar og skrivemøter. Det gjorde at alle blei veldig godt kjent med kvarandre, og vi lærte ganske fort ka knappar ein ikkje skulle trykka på hos kvarandre. Men alle di seine kveldane og all den harde jobbinga resulterte i ein fantastisk revy!

Revysjefane gjorde ein formidabel innsats, og vi har fått mye skryt i ettertid. Revyen var kanskje noko av det kjekkaste i heile år. På festen etter siste forestilling var alle ekstra klare for å feire med kvarandre, kanskje nettopp fordi vi hadde blitt endå betre kjent!

Det neste store som skjedde var i februar der russen tok turen til Gdansk, og alle kan vell tenka seg at vi kom heim med noen historiar som kanskje ikkje er så lurt å nemna her og no. Men alle meiner å huska at vi hadde det kjekt! 

Russetida no i mai har vert heilt fantastisk og eg håper di siste vekene har levd opp til forventingane til alle i Oddarussen. Vi har grilla sammen, vert på vors sammen, festa sammen og delt minner for livet sammen. Dei fleste av oss var med til Stavanger på landstreffet, og det kan russen i dei neste åra som kommer gleda seg til.

Eg kan med hånda på hjerta si at det ikkje har vore noko problem å leda denna gjengen, for dei har vert ein så inkluderande og samansveisa gjeng som tar alle for den di er og som passer på kvarandre. Samhold har vert veldig viktig for heile kullet, og det har resultert i svært vellykka store og små happeningar. Og eg må jo nevna at eg sit i eit russestyre som rett og slett går av seg sjøl. For nokre rivjern av både guttar og jenter!

Eg har lest i ulike aviser og på Facebook-innlegg om vaksne som er sinte på russen. Som ser på russetida som noko negativt. Detta har det ikkje vert antydning til her i Odda. Å vera russ i Odda har vert ein fryd, og det er ikkje alle byar som er som denna. Her blir russen tatt i mot med både smil og vink! At både store og små ser på russen som eit kjekt og morsomt moment i mai gjør russetida endå kjekkare for oss.

Når vi var på landstreffet i Stavanger var eg veldig stolt når eg kunne fortella at vi var fra Odda. At «Eg e Odding!» Når eg tenker på Odda så tenker eg høge fjell, Sørfjorden, Sandvinsvatnet, Odda Fotballklubb, Låtefoss, Opo-elva, Trolltunga, Smelteverket, kulturskolen, musikklaget, nynorsk og bokmål i fin blanding.

Og det som er mest kjekt med Odda er innbyggarane. Tenk at på ein så liten plass så er det så mange engasjerte folk. Dei er engasjerte i politikk, sport, kultur, musikk og så mykje meir! I tillegg har Odda eit fantastisk dugnadsmiljø og oddingane har ein enorm givarglede, som viste veldig godt under årets kreft-aksjon.

Russen var med på innsamlingsaksjon for kreftforeningen der vi knuste rekorden i Odda med 137.877 kr innsamla. Russen traska rundt i 14 minusgrader, og til ingen overraskelse var innbyggerne i Odda generøse som vanlig, der pengar blei donert til ein god sak, og varme klemmar blei utdelt til den frosne russen.

Les og: Rekordinnsamling frå russen i 14 kuldegrader

Alt detta er gode grunnar til å vera stolt av Odda. Og det er liten tvil om at di aller fleste i denna byen er stolte av kor di kommer fra.

Vi har jo óg kjendisar herfra som vi er så stolte av! Blant anna Farmen-Ingvild, Frode Grytten, Håkon Oppdal, Ingvild Måkestad Bovim, og såklart Tuva som skal opptre på finalen i norske talenter i måro!

Eg tror ikkje ein gang noen trenger å minna oddingane på det, for alle her er så utrolig flinke å støtta og heia på kvarandre. Eg gler meg vertfall til å se på finalen og stemma på ho i måro. Og sist men ikkje minst; sjøl om ikkje alle vil innrømma det så er nok di aller fleste i Odda veldig stolt av fjorden cowboys med Lothepus og Joar.


No er tida inne for å reisa vekk. Studera. Reisa og oppleva nye plassar. Møta nye folk! Et nytt eventyr vente på oss der ute. MEN! Vi har lyst heim igjen. Og om vi skal kunna flytta heim igjen, så er det ulike ting som må på plass og som vi har på ønskelisto. Vi vil ha trygge og gode jobbar. Vi vil ha bedre vegar. Og vi vil ha skikkelig rassikring! I tillegg ønsker vi at di tilbuda og skattane Odda har blir tatt godt vare på, så VI har di samme tilbuda seinare i livet. Og då tenker eg spesielt på OppMot, kulturskulen og butikkane våras i sentrum. Vi håper politikarane og heile Odda hører godt etter og jobbar samla for desse ønskene.

For to dagar siden blei vi trekt opp i eksamen, og såklart var det noen som blei superfornøgd, mens andre blei skuffa. Men eksamen stoppa ikkje den tradisjonelle 16.mai festen i går, og mens noen feira så satt andre å trøstedrakk. Uansett. Masse lykke til med eksamen, mine kjære medelevar. Stå på.! Gjør den innsatsen eg veit alle har i seg!

Det er utrolig skummelt, men samtidig spennande å se kor alle ender opp etter sommaren. Men ein ting er vertfall sikkert; Vi har god tid. Vi har lov å gjøra feil. Det er lov å drita seg ut. Ingen er perfekt, og det aller viktigaste vi kan gjøra er å jobba hardt og vera oss sjøl.

Eg veit at dokke kommer til å nå langt. Eg håper at vi blir ein del av kvarandre si framtid og at vi ser kvarandre ofta. Tusen hjertelig takk for at eg fikk lov å vera dokkas president. Eg er så glad i dokke heile gjengen. Tusen takk for meg.

Artikkeltags