Hardanger Folkeblad sine lesarar får det avgjerande ordet. Ved å stemma på nettsida, kan alle som vil seia si meining om kven som bør få Odda kommune sin byggeskikkpris for 2015.

Avstemminga vert avslutta måndag 2. november klokka 12.

Prisen på 25. 000 kroner skal gå til ein enkeltperson, eit lag eller ein juridisk person som har gjort ein verdifull innsats i form av eit gjennomført byggeprosjekt, anten som er under utvikling eller som vart avslutta, opp mot tre år tilbake i tid.

Fem er valt ut av ein jury

Fem kandidatar er sidestilt av ein jury. I juryen sat: Lars O. Seim frå Driftskomiteen, Eivind Tokheim frå Utviklingskomiteen, plansjef Kristian Jensen, kultursjef Lage Thune Myrberget, Marie Opheim frå SMB Hardanger, Inge Lægreid frå Odda By og arkitekt Anne Lise Brask Eriksen frå Hardanger og Voss museum. 

Byantikvar Jorunn Monrad starta i Odda kommune i februar 2015. Ho er kommunen sin antikvariske faginstans med ansvar for kulturminneforvaltninga i kommunen. Monrad vil gjerne auka interessa for byggeskikk og arkitektur i kommunen, og håpar prisen vil få fart i debatten om godt og mindre godt.

Sist kommunen delte ut byggeskikkpris var i 1997. No vil dei ta opp att tråden og dela ut ein pris kvart fjerde år.

Kandidat 1 er Vikinghaug i Hovden

Terje Gravdal og Tove Hidle, privat eige

 

Vikinghaug vart bygd i 1892 som Skjerven Hotell, og er så flytta tre gonger, sist til Hovden i 1906. Etter at hotelldrifta tok slutt, er bygningen delt inn i leilegheiter. Trapper er fjerna, terrassar er bygd inn, og bygningen har tapt mykje av si opphavlege form.

Gravdal og Hidle har, sidan dei tok over bygningen i 2005, arbeidd målbevisst med å føra tilbake så mykje som mogleg av bygningen til sin opphavlege form og tilstand. Dei har valt å halda på inndelinga i leilegheiter som vart gjort på 60-talet, og leiger desse ut på korttidsbasis.

Gravdal og Hidle held på å føra tilbake bygningen på eige initiativ. Dei har ikkje fått støtte og bygningen er korkje verna eller freda.

Det er stor forskjell på korleis hotellet såg ut tidleg i førre hundreår og i dag. Flotte terrassar med utskorne buar er bygde inn.

Gravdal og Hidle arbeider med å føra tilbake terrassen til sin opphavlege form. Mykje står att, det som manglar vert rekonstruert med same material og teknikkar. Den einaste forskjellen er at verandaane vil ha glas, fordi bygningen ligg svært vêrhardt til.

Bygningen har stor symbolverdi og oppmuntrar til å ta vare på arkitektur og omgjevnadar fordi den er så synleg i Odda. Den er også eitt av få attverande minne om Odda si stordomstid som turiststad.

Kandidat 2 er eit reinseanlegg på Hildal

Arkitekt: Ingebjørg Sekse/Norconsult.

Byggherre: Odda kommune.

 

Renseanlegget er en tidsmessig bygning, som tar i bruk lokale materiale, har eit funksjonelt skråtak, som samtidig er kreativt. Bygningen står i eit jordbruksområde med vakre gamle bygningar; steinmuren og dei lyse og mørke treveggane spelar på lag med omgjevnadane, men samtidig tilfører bygningen noko nytt og uventa. Arkitekten forklarer at ho har tatt inspirasjon frå dei flotte grå løene som står ute på bakkane i området, men òg frå dei store steinane som ligg her.

Sekse forklarar at ein bygning som står litt for seg sjølv, i eit flatt terreng, kan vera ei utfordring, og at ho har løyst dette ved å gi bygningen ei form som er i dialog med dei andre elementa i området. Denne dialogen er òg understreka ved at det ikkje er eit klart skilje mellom tak og veggar på bygningen; taket held fram ned på sidene, med innslag i treverk.

Reinseanlegget var ferdig i 2015.

Kandidat 3 er Hovedlageret på smelteverkstomta

Eigar: Høyer Odda

Byggherre: Høyer Odda

 

Vern ved bruk er mottoet for Hovedlageret på smelteverkstomta i Odda. Bygningen er ein av dei gamle teglbygningane som vart reist tidleg på 1900-talet, og er typisk for perioden. Den er renovert og ombygd, i nært samarbeid med fylkeskonservator, slik at bygningen kan nyttast til kontorlokale. Høyer Odda har stått for både prosjektering og utføring av arbeida; ein har med andre ord ikkje involvert arkitekt i arbeidet.

Mange detaljar er ført tilbake, til dømes er dører og vindaugo som var mura att, opna på ny. Byggherre forklarar korleis fasadane er renovert: «Alt murverk er rehabilitert med pølsefuger og utskifting av skadd teglstein. Bygget har eit klassisk stilpreg med høg grad av detaljar som buemotiv, avtrappingar, horisontale fasadeband, ornamenterte gesimsband med tannbord, og store flotte vindaugo i 1. etasje. Dei har fått tilbake originalfarge og originale munnblesne glas».

Ein svært viktig del av rehabiliteringa er skifertaket. Dei originale hellene frå 1908 er demontert og vert remontert etter kvart. Samtidig som bygningen er endra for å møta  krav til lys og luft, har ein ført tilbake detaljar og bevart det flotte skifertaket. Bygningen viser at det kan løna seg å renovera gamle bygningar, fordi dei har kvalitetar som ikkje kan omskapast  i nye.

Kandidat 4 er ei løe på Rabbe gard i Røldal

Arkitekt: Åsmund Vaa/Ihuga arkitekter.

Byggherre: Nils Petter Rabbe

 

Løa på Rabbe gard er frå siste halvdel av 1800-talet, eit typisk døme på lokal byggeskikk. Den har torvtak og umalt ståande kledning, og ein flott grunnmur bygd av store steinar.

Prosjektet er forma i dialog mellom arkitekt og byggherre. Dei har diskutert mange ulike løysningar, men heile tida vore einige om at til trass for at løa er både skeiv, gammal og verneverdig, må det vera mogleg å bruka den til noko i 2015.

Arkitekten meiner det var utfordrande å koordinera eit uttrykk på ein bygning som har store nok vindauge og moderne, tjukke veggar saman med eit gammalt og luftig låvebygg med gluggar. Ei bueining er plassert vest i løa i form av tilbygg og ombygging av høytørke og møkakjellar. Slik fekk ein tatt vare på mykje av den gamle løa, både eksteriør og interiør, i midten av bygget. Det er framleis rom for løefest. Men dei opphavlege romma er ramma inn av ein bustad i vest og gjesterom i aust.

Løa syner at gamle bygninger kan få nytt liv og samtidig halda på sin eigenart. Gode, kreative løysningar som denne, kan gi inspirasjon til at fleire gamle bygninger vert tatt vare på. Tilbygget er tidsmessig, men følgjer samtidig lokal byggeskikk.

Kandidat 5 er Sindark på smelteverkstomta

Arkitekt: Ingebjørg Sekse/Norconsult.

Byggherre: Odda Energi

Bygningen er eit døme på vern gjennom bruk. Industriarkivet til Odda smelteverk, Sindark,  er restaurert av Høyer Odda i samarbeid med vernemynde i Hordaland fylkeskommune.

Prosjektet skil seg først og fremst ut fordi ein har unngått å endra på eksteriøret der det har vore mogleg. Det har bydd på utfordringar med omsyn til isolering; veggene er etterisolert på innsida. Bygningen har fått full teknisk oppgradering og restaurering av tak og fasadar inkludert vindauge.

Huset har historia intakt og saman med dei andre bygningane og konstruksjonane frå Odda Smelteverk, er det med og skapar nytt liv i det gamle og flotte bygningsmiljøet.

Bygningen bidrar til å auka interessa for og forståinga av god byggeskikk og kvalitet i utforming av det fysiske miljøet, og gjer synleg verdien av eit kvalitativt godt og variert bygningsmiljø. Prosjektet som vart ferdigstilt i 2013, handlar først og fremst om tilpassing av interiøret, men samtidig har dei opphavlege materiala kome fram i dagen.