– Rogaland har stole Preikestolen-namnet frå Odda

- Både Trolltunga og Preikestolen har vore kjente turistattraksjonar i Tyssedalsfjella sidan slutten på 1800-talet, seier Jostein Soldal i Opplev Odda. Bilete er av Preikestolen i Odda.

- Både Trolltunga og Preikestolen har vore kjente turistattraksjonar i Tyssedalsfjella sidan slutten på 1800-talet, seier Jostein Soldal i Opplev Odda. Bilete er av Preikestolen i Odda. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

No vil dei ha namnet tilbake.

DEL

– Både Trolltunga og Preikestolen har vore kjente turistattraksjonar i Tyssedalsfjella sidan slutten på 1800-talet. Men for å ikkje forvirra turistane kan me ikkje lenger marknadsføra Preikestolen, seier dagleg leiar Jostein Soldal i «Opplev Odda» til NRK Hordaland.

Ønskjer namnedebatt

Grunnen er at turistane då trur det er snakk om den meir kjente Preikestolen, som ligg i Lysefjorden i Rogaland. Dette fjellet heitte eigentleg Hyvlatonnå, men har i rundt 100 år vore kjent som Preikestolen, skriv NRK Hordaland på sine nettsider.

«Opplev Odda»-sjefen meiner at rogalendingane har stole namnet frå Odda-fjellet

– Difor vil me no krevja namnet tilbake. Det kan nok bli ein lang og tøff kamp, men eg ønskjer i alle fall ein namnedebatt, seier Soldal.

Reiselivsnæringa i Odda er ikkje aleine om kravet, dei får støtta av ordføraren i Odda.

– Trolltunga og Preikestolen er to gode turistmagnetar for folk som liker fjellet. Dei høyrer saman og utgjer eit trekkplaster som me bør kunna promoterast i lag, seier ordførar John Opdal.

- Flott med konkurranse

I Rogaland blir «kravet» frå Odda tatt med godt humør.

– Det er berre flott om me får litt konkurranse om namnet, det ser me stort på, seier dagleg leiar Audun Rake i «Visit Lysefjorden» til NRK.

Les heile ordvekslinga på NRK Hordaland sine nettsider.

Artikkeltags