Tarjei Solberg Kvalvik vart den 23. vinnaren av den såkalla Opedalsprisen. Det fortalde Kristen D. Eitrheim då han måndag kunne avsløra at det var sjølvaste russepresidenten som denne gongen var kåra til den aller beste.
I kriteria for prisen står det at han skal gå til ein elev som merkjer seg ut med sikker rettskriving, god målkjensle og klår formuleringsevne.
Bak prisen står Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige føremål. Prisen går til beste nynorskelev innan studiespesialiserande og idrettsfag. Juryen er styret, som for tide består av Kjellaug Holm, Inge Kristoffersen og Sjur Sekse.
2 500 kroner
Odda Mållag sin nynorskpris gjekk i år til Randi Rønhovde Opheim. Prisen er ein heider for god og sikker bruk av nynorsk i alle fag. Randi kom nærmast rett frå Oslo der ho i helga sprang på laget til Ingvill Måkestad i Holmenkollstafetten.
Øystein Hølland har bokmål som hovudmål. Difor var han ikkje kandidat til nynorskprisane. Men sidan det i fjor vart oppretta ein realfagpris (støtta av Boliden og Eramet), vart det ein pris på han også. Rektor Hilde Gjester Hoel kunne nemleg fortelja at det var nettopp han som var kåra som den beste realfagseleven.
Alle tre prisane er på 2 500 kroner, noko som hjelper på i russetida og overgangen til ein ny fase i livet.
Gamal mobil
Tarje visste godt kva pengane skulle gå til. For det fyrste har han ein gamal mobil med knust glas. Elles hadde han ein del ubetalte rekningar. Sjølv vil han utdanna seg vidare med fyrst å ta matematikk. Seinare vil han studera siviløkonomi. Men fyrst er det eksamen. Tarjei kom opp i Politikk og menneskerett, nynorsk hovudmål og engelsk. Noko han er relativt nøgd med.
Randi hadde ikkje klart svar på kva pengane skulle brukast til, men ho rekna med å finna eit eller fleire hol. Ho vil satsa på fysioterapi og ynskjer studera i Trondheim. Ho kom opp i kjemi, norsk sidemål og hovudmål, noko ho var nøgd med.
Øystein skal fyrst tena konge og fedreland i HM Kongens Garde.. Deretter siktar også han seg inn på Trondheim og studie ved NTNU, der målet er siviløkonomi petroleum.
Ros til russen
Han hadde heller ikkje fått tid til å tenkja kva prispengane skal gå til. Han var elles nøgd med å koma opp i hovudmål, matte og fysikk.
Rektor sa seg elles nøgd med årets russekull, som trass i at dei er det minste på svært mange år, har markert seg positivt på fleire felt i løpet av det siste året. Ho hadde elles eit ynskje og ei oppfordring om at dei møtte opp i barnetoget, til glede for mange forventningsfulle ungar.
Også Eitrheim kunne slutta seg til godorda til russen. Han viste til at Bergens Tidende for kort tid sidan hadde kåra Bergensrussen til landets beste:
- Avisa har nok ikkje vore i Odda, for betre russ skal du leita lenge etter, sa han, og overrekte ein blomebukett til russepresidenten.