Promillekontroll og festbråk

Hardanger Lensmannsdistrikt ruskjøring rus narkotika promille promillekjøring fyllekjøring alkometer politi

Hardanger Lensmannsdistrikt ruskjøring rus narkotika promille promillekjøring fyllekjøring alkometer politi Foto:

Dette har politiet gjort på i helga.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

Laurdag morgon klokka ni var det ein promillekontroll i Røldal.

- Det var ein person som blåste med utslag, men det var ein såkalla lågpromille, som ligg under minstegrensa. Det var til saman 49 førarar som var kontrollerte, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Elles kan ho melda om litt festbråk i Odda laurdag kveld.

- Det var litt ampert på ei adresse i sentrum, men det roa seg etter kvart, seier ho.

På nattestid vart det også meld om ein berusa person ved Coop i Odda, som gjekk i vegen.

- Det var bekymring for at han skulle bli påkøyrd, så me tok ein prat med han, og han kom seg etter kvart heim for eiga maskin, seier Eidsnes.

Artikkeltags