Gå til sidens hovedinnhold

Passerte drapsmannen

Artikkelen er over 10 år gammel

Odding og ordførarkandidat(Ap) i Sørum kommune, Are Tomasgard og sonen Emil Tomasgard, leiar i Odda AUF var dei siste som drog i land frå Utøya før den ubegripelege tragedien råka AUF sin sommarleir. – Vi tenkjer av heile våre hjarte på dei drepne, på dei skadde og på alle pårørande, seier Tomasgard, som kom til Odda saman med sonen seint fredag kveld.

- Vi har svært mange og sterke kjensler no, og viktigast er det å ta vare på kvarandre. Tankane våre går til offera, etterlatne, dei som opplevde det reine helvete; dei uskuldige ungdomane våre. Det er heilt ufatteleg, det som har skjedd, seier far og son til HF fredag kveld.

Are Tomasgard er spesialrådgjevar i Industri Energi, og skulle halde foredrag på Utøya fredag ettermiddag. Men grunna bombeangrepet i regjeringskvartalet i Oslo, vart resten av programmet på Utøya avlyst, og dei framskunda turen vestover som allereie var planlagt. Dei tok båten over til Sundvollen. Der møtte dei mannen som var utkledd som politi.

- Alt verka normalt, vi passerte mannen, som tok båten ut på øya. Vi la merke til at han hadde våpen med seg, men med tanke på alt som føregjekk i Oslo denne ettermiddagen, og at statsminister Jens Stoltenberg etter planen skulle til Utøya dagen etter, reagerte vi ikkje med meir uro enn den vi allereie hadde etter bombeangrepet. Men alle tankane i etterkant?, det er så grusamt, eg har ikkje ord, seier han.

Han fortel at lettelsen over å kunne køyre til Odda med sonen trygt i bilen, vert kraftig blanda med ei avmaktskjensle, ei sorg og djup fortviling på vegne av dei som vart att på øya, dei som miste livet og deira etterlatne, og kva denne tragedien gjer med landet vårt.

Are Tomasgard har sjølv ei ungdomstid i AUF, og har vore fleire somrar på Utøya, ein årleg sommarleir som samlar hundrevis av unge politisk aktive ungdomar, og som vert vitja av erfarne politikarar. På fredag tok Emil båten ut på Utøya saman med Gro Harlem Brundtland, og Emil fekk med seg eit inspirerande foredrag om hennar politiske liv, i tillegg til at han deltok i fleire diskusjonar med ungdomskollegaer på øya.

Tomasgard berømmer statsminister Jens Stoltenberg, ordførar i Oslo Fabian Stang og mynde og ordensmakt elles i landet, samt helsepersonell, for måten dei har takla den umoglege stoda. Are og Emil sender igjen sine tankar til offera og deira pårørande i den nasjonale tragedien på Utøya og i Oslo 22.07.2011.