Ordføreren slår retrett - vil vera nynorskkommune

Ordførar Gard Folkvord (Ap) og Terje Kollbotn (Rødt).

Ordførar Gard Folkvord (Ap) og Terje Kollbotn (Rødt). Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

I januar meldte oddaordfører Gard Folkvord kommunen ut at Landssamanslutninga for nynorsk-kommunar (LNK). No har han kome på andre tankar.

DEL

Folkvord si grunngjeving var tosidig: Han ville spara 10 000 kroner og vera språknøytral.

Etter massivt press frå mellom andre Terje Kollbotn (Raudt) har Folkvord sett på saka med nye auge. Ordføraren har hatt samtalar med representantar i LNK-styret. Han har og søkt råd hos aktive medlemmer i det lokale mållaget.

- Etter desse samtalane har eg bestemt meg for å skrive til LNK og trekke utmeldinga. Dette tyder sjølvsagt at eg ikkje vil fremje eigen sak for kommunestyret slik det tidlegare var kravd, seier Folkvord.

Kollbotn rosar ordføraren for u-vendinga.

- Då er den ballen lagt død for resten av denne fireårsperioden, konkluderer Kollbotn.

Artikkeltags