– Håpar på oppsving

Inge Lægreid fortel at tida som kjem er viktig for det lokale næringslivet, og håpar at folk handlar lokalt.

Inge Lægreid fortel at tida som kjem er viktig for det lokale næringslivet, og håpar at folk handlar lokalt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Handelsstanden går no inn i ei viktig tid, og Inge Lægreid minner om at å handla lokalt kan sikra arbeidsplassen til kompisen din.

DEL

– Eg vil oppmoda alle til å handla lokalt. Det sikrar lokale arbeidsplassar, seier Inge Lægreid, som er dagleg leiar i Odda By.

Han legg til at handelsstanden no går inn i ei viktig tid, og at dei sårt treng eit oppsving i desember. På same tid i fjor var det ein liten auke, og dette er noko næringslivet treng også i år.

Les og: – Det har vært noen stressende måneder, men det har vært nødvendig for å kunne rekke julehandelen

– Det har ikkje vore ein dårleg sesong, det var ein svært bra sommar, men som for alle andre stig utgiftene for næringslivet i Odda. Løn og avgifter aukar, og ein treng auka omsetning for å sikra arbeidsplassane, kommenterer Lægreid.

Reisemønster

Han er klar over at det alltid vil vera handelslekkasje, og legg til at ein ikkje kan ta frå folk reisemønsteret og at ein del av reiseopplevinga kan vera å handla. Samstundes oppmodar han folk til å tenka seg litt om i forhold til kva dei handlar og korleis.

– Det er mykje ein kan handla lokalt, og det er med på å sikra arbeidsplassane til ein av venene dine. Når det er større butikkar er det sjølvsagt større utval, men det er små nyansar, forklarar den daglege leiaren.

Les og: Opnar julebutikk

Han legg til at detaljar kan vera avgjerande, og at ting ikkje alltid er slik som det ser ut. Odda-patrioten legg til at kommunen både har store kjedar, og mindre nisjebutikkar.

– Dei er ikkje medlemmer i dei større kjedene, men har produkt som kanskje er vel så gode og interessante som hos dei store butikkane. Vi har eit mangfald, men eg skulle ønska vi hadde eit større mangfald, seier Lægreid.

Viktig handelsområde

Den siste tida har fleire butikkar flytta til gågata, og andre har pussa opp.

– Det er eit viktig handelsområde, og det er veldig kjekt at butikkane shinar og pussar opp, kommenterer Lægreid.

Han er klar over at handelsstanden i Odda, som i resten av verda, merkar konkurransen frå nett, men kan ikkje anslå kor mykje dette utgjer. Samstundes trekk han fram slagordet som den siste tida har versert i sosiale medium:

 «Vil du ha lokale butikker i morgen, så husk å bruke dem i dag»

Artikkeltags