- Det vert eit større vareutval i butikken

Merchandiser Jeanette Strand og Prosjektleiar Ole Henrik Paulsen hjelp til med oppussing hos Expert.

Merchandiser Jeanette Strand og Prosjektleiar Ole Henrik Paulsen hjelp til med oppussing hos Expert. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Når Expert opnar dørene er det ikkje berre nye fargar på veggane. Butikken er bygd om, og vareutvalet er betra.

DEL

– Vi bygger om totalt, og utvidar varesortimentet med fleire produktlinjer. Det vert eit større vareutval i butikken, seier Stein Tommy Varberg, som er butikksjef hos Expert i Odda.

Les og: – Viktig for å stoppa lekkasje

Dei siste vekene har lokala i Odda vore under totalrenovering, og når dørene opnar tysdag skal kundane altså merka stor forskjell. Dette gjeld ikkje berre for varene, men inventar og betra lys.

– Vi har hatt ope heile tida. Omsetninga har vore jamn, om lag som vanleg, seier Varberg.

Les og: – Håpar på oppsving

Det er ikkje berre dei fire tilsette som har stått på for å halda hjula i gang og samstundes pussa opp.

Butikken i gågata er ein del av den nordiske kjeda Expert, og for å sørga for at desse har eit heilskapleg uttrykk har prosjektleiar Ole Henrik Paulsen og merchandiser Jeanette Strand tatt turen til Odda.

Konkurransedyktige

– Vi representerer hovudkontoret til Expert i Noreg, og sørger for at butikken held den standarden vi ønsker å ha i heile Norden. Dette gjeld både produkt, utstyr og prising, forklarar Paulsen.

Dei to kjem mellom anna med innspel til kvar varene skal stå, men tek omsyn til lokale innspel.

Kunden skal vita at dei kjem inn i ein Expert-butikk, og dette gjeld ikkje berre utsjånad, men og prisar.

– Den siste marknadsundersøkinga viser at Expert er den billigaste el-kjeda i Noreg. Vi har same prisar i Odda, som i andre Expert-butikkar, reklamerer Varberg.

Tredobling

Om lag halvparten av butikkane i Noreg er eigd av kjeda sjølv, medan resten er sjølvstendige.

Butikken i Odda er lokalt eigd av B. Mikkelsen, som nyttar nærare 700.000 kroner på totalrenoveringa.

– I tillegg kjem auken av vareutval og produkt. Det vert ei tredobling av vareutvalet, fortel dagleg leiar Bernt Christian Mikkelsen.

Utstillingar

Medan ein tidlegare hadde fem PC-ar, vert det no 16. I tillegg vert det satsa meir på tilbehøyr.

– Det er lenge sidan vi har hatt mobilar stilt ut, no skal vi ha 21. I tillegg vert det tablets og GPSar, forklarar butikksjefen.

Han gler seg no til å opna dørene tysdag, og håpar at ordførar Roald Aga Haug kjem for å klippa snora under den offisielle nyopninga. For andre som stikk innom vert det kaffi, brus og kaker.

Artikkeltags