Tidlegare i haust melde HF at mangel på frivillige gjorde at fylkesstyret i Human Etisk-forbund ville leggja ned lokallaget i Odda.

Les og: Digitalt medlemsfall

I etterkant av dette vart det skipa eit ope møte, og Silje Heidisdatter Pedersen melder no at ein har fått på plass eit mellombels styre.

Gry Folkvord er no leiar, og dei som er interesserte i meir informasjon om lokallaget kan kontakta ho eller Pedersen. Sistnemnde og Tommy Tverdal vil ta på seg å gjennomføra humanistisk konfirmasjon neste år, og ein har alt sikra leiarar for 2018.

Livssynsnøytralt

– Det er viktig å ha eit tilbod som er livssynsnøytralt. Dette gjeld ikkje berre for Human etikarar, men for nyare landsmenn som føler det vert feil å nytta kyrkja, sa Cathrine Seim Holten då HF intervjua ho og Pedsersen om lokallaget i oktober.

Dei håpa då å få på plass eit nytt styre, for å sikra eit meir stabilt tilbod framover. No er altså første del av dette på plass.

Human Etisk-forbund kan og stå for vigslar, namnefestar og gravferd.