- Det er heilt ope i teten

Fredag 2. november klokka 21.00 brakar det laust på Sentralbadet litteraturhus i Odda.

DEL

Quizcup:Då skal Quizcup 2018 avgjerast med fjerde og siste runde. Quizcup har gått tre rundar tidlegare i år. Ein runde på Nye Iris scene, to rundar på Litteraturhuset der også finalen skal gå

Den store gullpokalen er alt kjøpt inn, men spørsmålet er om den forsvinn ut fjorden til Grimo, gjennom tunnelane til Jondal, eller om den blir verande i Odda.

Round table 17 Odda har leda tidlegare i år, men etter førre runde gjekk Grimogeriljaen, med lagkaptein Einar Instanes forbi. Dei har 95 poeng og 4 poeng ned til Round table med lagkaptein Eric Jan Kerkhof. Ikkje langt bak ligg Tunnelgjengen (lagkaptein Lill Brekke) på 89 poeng, og Bygda 35 (lagkaptein: Ivar Inderøy) på 88 poeng.

Med andre ord er det heilt ope i teten, spesielt med tanke på at det blir delt ut doble poeng på siste runde. Sjølv om mange lag har vore flinke til å samle poeng gjennom dei tre tidlegare rundane, er det ikkje eit krav om å ha vore med før.

Vi understrekar at lag kan vere med for første gong sjølv på siste runde. Så om ein har lyst til å vere med på allmenn quiz, er det berre å melde seg på via www.quizcup.no.  Dørene på Litteraturhuset opnar kl 20.00, og vi ønsker alle hjarteleg velkommen og lukke til med quizrunden.

Artikkeltags