Sprell på heimebane

På iris scene: Øyvind Terjesen og Leif Einar Lothe hadde konsert for mange folk laurdag kveld.Alle foto: Eivind Dahle Sjåstad

På iris scene: Øyvind Terjesen og Leif Einar Lothe hadde konsert for mange folk laurdag kveld.Alle foto: Eivind Dahle Sjåstad

Kjendis-fest med Lothepus, Vendela Kirsebom, Ingeborg Myhre og Petter Pilgaard trekte fullt hus på Iris Scene.

DEL

Les Hardanger Folkeblad i ein heil månad for BERRE 1 kr!

(Denne artikkelen stod på trykk i Hardanger Folkeblad 21. november 2016)
 

Den lokale arrangøren Infinity Promotion med Janne Borgstrøm og Elise Waagen hadde laurdag sitt desidert beste arrangement så langt.

– Det var stappfullt og utseld før opning. Det var veldig bra, seier Janne Borgstrøm.

– Det var så inn i helvete med folk, er Leif Einar Lothe sin kommentar.

Til quiz med quizmaster Petter Pilgaard frå Kjendis-Farmen, slapp arrangørane inn 100 personar.

Til konserten med Lothepus og Øyvind Terjesen og seinare dans til countrybandet GardsBruk, var det 225 personar inne, ifølgje arrangøren.

– Det var god stemning, folk koste seg, meiner Borgstrøm.

Supermodell og gründer Vendela Kirsebom seier ho hadde ein superhyggeleg kveld og at ho har lyst til å koma tilbake til Hardanger.

– Eg har aldri dansa så mykje på ein kveld før. Dei er gode på swing her i Odda, seier ho.

Ifølgje Janne Borgstrøm stod det ein kø av mannfolk som ville dansa med Vendela.

Bakgrunnen for festen var Leif Einar Lothe som inviterte vener frå tv-serien Kjendis-Farmen heim til Odda.

Lottovertinne Ingeborg Myhre var òg med til Odda. 

Lothepus seier han hjelpte GardsBruk med å halda tempoet oppe frå scenen utover kvelden.

I slutten av mai flytta 12 norske kjendisar inn på ein gard i Bamble i Telemark. Skodespelar og tidlegare glamourmodell Aylar Lie (32), symjar og modell Lavrans Solli (24), matbloggar Ida Gran-Jansen (28), skodespelar Jarl Goli (59) og åtte andre kjendisar levde som for 100 år sidan på Kjendis-Farmen. Utan straum og innlagt vatn, nettbrett og mobiltelefonar.

Artikkeltags