Boltrar seg i vakker Odda-natur

    Artikkelen er over 2 år gammel

    Filmen vart delt over 400 gongar på under eit døgn.

    DEL

    Det var i fjor sommar at filmen som visar Team OneCall sine stunt over Odda vart spelt inn.

    - I filmen ser du eit samandrag av ein dag me hadde i Odda i juni i fjor, der ein boltra seg i den storslåtte, vakre naturen som Odda har å by på, seier gründeren bak Team OneCall, Bjørn Magne Bryn.

    Dette var i høvet at ekstremsportveko vart arrangert på Voss.

    Teamet riv med aktivitetar som basehopping, paragliding og fallskjerm, og fann ut at dei kunne gjera mykje på ein og same stad i Odda.

    Vil laga meir fin Odda-film

    Etter at dei sjølv la ut filmen på si facebook-side i går, fekk den over 40.000 visningar på under 24 timar, og vart delt over 400 gonger. Ifølgje Bryn blir det nok ikkje siste gong dei kastar seg utfor i Odda:

    - Eg kan vel seie såpass mykje ta me ønsker å henvenda oss til kommunen igjen, om å få bruka naturen i og rundt Odda for å laga meir fin film. Detaljane vil eg ikkje røpa umiddelbart, seier han hemmelegheitsfullt.

    Bryn legg til at kjærasten hans og nybakt mamma Ingvild Skare Thygesen frå Skare no er tatt inn som fullverdig teammedlem i Team One Call. Paret møttest då han var eksaminator og ho tok kurs i fallskjermhopping, og dei er busett på Voss.

    Artikkeltags