Målprisen til Kollbotn

Av

Terje Kollbotn har fått Odda Mållag sin målpris for 2007. Prisen vart tildelt på Odda Mållag sitt årsmøte i Ungdomshallen. Kollbotn fekk prisen med denne grunngjevinga:

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Hardanger Folkeblad i ein heil månad for BERRE 1 kr!

«Kollbotn var i ei årrekkje fagforeiningsleiar i Odda, og i arbeidet var nynorsk skriftspråket hans. Gjennom sitt sterke engasjement kom han og ofte i media, der han ordla seg på lokal dialekt og nynorsk. Gjennom denne medvetne målbruken fekk Kollbotn vist at nynorsk er ein sjølvsagt og god arbeidsreiskap i fagforeiningsarbeid.

Som lokalpolitikar har han vore svært aktiv, og han har teke opp mange saker. Gjennom ei rekkje innlegg i lokalavisa, på nynorsk, kortfatta og folkelege i stilen, har han nådd mange lesarar. I radio og på fjernsyn har Kollbotn halde fast på dialekten sin.

Terje Kollbotn har over lang tid synleggjort at nynorsk er eit levande og dugande språk på alle område, og han har med dette gjort seg fortent til målprisen».

Takk

-Eg set stor pris på å få Odda Mållag sin målpris. Tildelinga var både overraskande og ei stor ære for meg. Og grunngjevinga gir både meg og andre i det faglege og politiske Odda inspirasjon til å bli enno flinkare til å nytte nynorsk i skrift og tale, sa Kollbotn i si takketale.

Eg er spesielt glad for ein del av grunngjevinga for prisen - nynorskbruken min som fagforeiningsleiar i ei årrekkje . Fagrørsla, spesielt innan LO, har vore ein konservativ , ja bortimot ein ekstrem bokmålsorganisasjon. Heilt frå starten i 1899 har LO i alle ledd – ikkje minst tillitsvalde - stort sett nytta bokmål. Forklaringa kan vere at bokmålet var arbeidsgjevarane sitt språk – og grunnlaget i alle forhandlingar. Forhandlings- og tvisteprotokollar skulle vere på eit oppstylta bokmål, eitslags kansellispråk. Det var maktspråket. For LO var det om å gjere å nytte same skriftspråket som motparten. Noe anna var uhøyrt heilt fram til våre dagar.

Men dette må vere eit tankekors for ein organisasjon som har som mål å styrke den folkelege arbeidarkulturen og skape likeverd i arbeidslivet!

Omsett til bokmål

Då eg vart vald til LO-leiar, eller leiar i Odda og Omland faglige Samorganisasjon – eller SAMORG- som det heitte før, for første gong i 1988, var eg den første leiaren som var nynorskbrukar. Det var uvant for mange i LO-systemet. Eg opplevde både fleiping, hånflir og hoderisting. Men dette vart etterkvart respektert, i alle fall av dei fleste. Då eg leia arbeidet med 75-årsjubileumsboka til SAMORG i 1989, vart ein stor del av boka på nynorsk. Det var ein stor inspirasjon at styret i SAMORG like etter fekk tildelt minimålprisen av Odda Mållag og ei nynorskordliste til LO-kontoret. I dei tilsaman 12 åra eg sat i LO-styret vart det etterkvart naturleg for mange fleire å nytte nynorsk i fagforeiningsarbeid, sa Kollbotn.

-Eg må tilslutt fortelje ei lita historie då eg møtte for første gong på LO-kongress, i 1989. Alle innlegga og forslaga mine var sjølsagt på nynorsk. I kongressprotokollen, som er ordrette referat, var alle innlegga og forslaga mine over natta skreve om til bokmål. Då eg protesterte, fekk eg til svar at ingen i sekretariatet nytta nynorsk! Ser ein t.d. på LO si nettside i dag – www.lo.no - er det framleis kjemisk fritt for nynorsk på Youngstorget.

På tirsdag vart eg på nytt vald inn i LO-styret, no som nestleiar fram til ordinært årsmøte i april 2009. På bakgrunn av målprisen vil eg ta initiativ til å ein ny diskusjon om LO i Odda og Omland og nynorsken Fleirtalet av LO-medlemane i Indre Hardanger er jo nynorskbrukarar.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

I arbeidet for å gjenreise eit demokratisk LO i Odda og Omland og vise respekt for medlemane, har nynorsken ein naturleg plass.

Igjen: Takk for målprisen, takk for ordet og lukke til med mållaget sitt vidare arbeid for dialekt og nynorsken!

Artikkeltags