Initiativtakar Gunn Gravdal Elton skriv i ei pressemelding at Oddakonsertene no er klare for det første informasjonsmøtet om musikalen.

– Musikken er ferdig, manuset er klart og no vil vi sjå kor mange som har lyst til å vera med, seier Elton.

Dei treng både barn, ungdommar og vaksne. Alt frå solo-roller, kor og statistroller til snekkarar, sminkørar og ei rekke andre roller skal delast ut.

Musikalen har planlagt premiere 7. april 2019, og er spesialskriven for Odda. Den tar for seg kjærleikshistoria mellom doktor og fabrikkdirektør Albert Petterson, og hans unge hustru Leonie. Musikalen skildrar også Odda sin overgang frå bondesamfunn og turiststad, til industrisamfunnet.

Informasjonsmøtet finn stad på Meieriet onsdag 5. september. Der blir det gitt informasjon, og seinare blir dei som vil også inviterte til å prøvesynga. Eldsjelene i Oddakonsertene kan ikkje lova roller til alle, men seier dei leiter etter folk med engasjement.

Oddakonsertene treng framleis gamle kle, og Irene Tvedt Børve og Kirsti Haara tar gjerne i mot sko, hatter, lange skjørt og andre relevante ting frå 1906-1914.