Dag Solstad tilbake på symposiet

Til Odda: Dag Solstad.Arkivfoto

Til Odda: Dag Solstad.Arkivfoto

Fleire gamle og nye gjestar vil vera til stades under Litteratursymposiet i haust.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Litteratursymposiet i Odda har i år fått temaet «Kapital», og gjestelista blir spegla av dette. Symposiet får mellom anna besøk av Hadle Reisæter frå Ullensvang, som skal sette opp ei førestilling basert på Stig Sæterbakken sin roman med nettopp namnet «Kapital». Jørn Lier Horst, ein av landet bestseljande forfattarar, kjem til symposiet for første gong. Han har hatt stor suksess med sine seriar for born, og skal mellom anna besøke fleire skular i distriktet.

Forfattar og Klassekamp-journalist Mímir Kristjansson kjem til Odda for første gang, det same gjer Synnøve Macody Lund og riks-feminist Marta Breen. Tradisjonen tru blir det fotballdebatt, og denne skal i år handla om pengemakta i fotballen og korrupt idrett. Dag Solstad kjem tilbake i år, det same gjer Kyrre Andreassen, Thure Erik Lund og Cathrine Knudsen, i tillegg til Pedro Carmona-Alvarez og mange andre.

Sjølvsagt er det fleire Odda-forfattarar på programmet. Marit Eikemo, Lars Ove Seljestad og Frode Grytten er sjølvskrivne gjestar. Grytten kjem med heile Beat-bandet sitt og har førebudd bestillingsverket «Big time», med Tyssedalkoret som gjesteartistar. Billettane til dei første arrangementa vart sleppt 13. juli.

Artikkeltags