– Det vert kjekt å sjå korleis ting var før i tida, seier Thord Paulsen.

Då Gro Tyssedalstveit Kollbotn ringde og spurte om TV-kjendisane frå Vinterveiens helter ville vera med ho i sofaen på Sentralbadet Litteraturhus, sa Paulsen ja med ein gong.

Les og: Lokale TV-heltar gav sjåarrekord

Bilbergaren har aldri vore i Litteraturhuset før, og det har nok heller ikkje kollegaene Olav Eike og Bjørn Lægreid.

– Museet er alltid ute etter nye målgrupper, fortel Kollbotn, som er besøksansvarleg ved NVIM.

Historisk inspirasjon

Då dei fann historiske bilete av trafikkulykker dukka ideen om å invitera til ein prat med dei lokale TV-kjendisane opp. Måndag vart den førebels siste episoden av Vinterveiens helter vist på National Geographic Channel, og fredag tek hovudpersonane turen til Litteraturhuset i Odda.

Les og: Klart for nye heltar

– Oddbjørn Lynghammar vil ha eit kåseri, og vi viser bilete frå arkivet. Smelt står for servering, reklamerer Kollbotn.

Paulsen lovar at Bjørn Lægreid vil ta turen frå Eidfjord, og han reknar med at også svogeren Tor Steinar Tveit vert med. Målet er å få fram dei gode historiane.

Vikarar

– Vi vil og ha litt historisk bakgrunn. Det vert litt om bilar, vêr, vind og den uføreseielege jobben dei har, fortel den besøksansvarlege.

Les og: Livsfarleg smuglarbil

Ho legg til at dei kanskje bør ha eit atterhald om vêret, for dersom føret vert dårleg er det jo vanlegvis ein stor sjanse for at bilbergarane må ut på jobb. Paulsen forsikrar om at dei har skaffa vikarar både i Odda og Eidfjord, og hintar om at det kan koma fleire gode historier.

– Når Olav har drukke og er på fest snokar han alltid opp jobbar. Då ringer han meg, og vert med meg når eg køyrer ut, ler Paulsen.

Ny sesong?

I ti episodar har folk kunna følga han på jobb, og Paulsen har sjølv følgt med på serien.

Sjå klipp frå serien:

 På førehand hadde han berre sett klipp, og han synest episodane har vore tøffe.

– Det har vore kjekt å sjå på dei andre, og korleis dei jobbar. Eg tenker heile tida på korleis vi hadde løyst jobbane, smiler oddingen. Det er ikkje avklart om det vert fleire episodar av Vinterveiens helter, men Paulsen reknar med dei svarar ja om spørsmålet kjem.