Gå til sidens hovedinnhold

Truslar, vald og rus

Artikkelen er over 5 år gammel

60-åring dømt for drapstruslar mot politimenn og lege. Han er og dømt for vald mot ei kvinne i ein vaskekjellar og for å ha slått ein tilsett på ein restaurant.

Det var i september at ein no 60 år gammal mann møtte i Hardanger tingrett, der han var tiltalt for mellom anna truslar mot offentlege tenestemenn, vald og ruskøyring på moped. 60-åringen var og tiltalt for bruk og å ha dyrka cannabis.

Les og: Frifunnen for innbrot, dømt for oppbevaring

Det var sommaren 2013 at ein politipatrulje meinte at køyringa av ein moped tyda på at sjåføren var rusa.

Dei køyrde etter, og på Tyssedalsvegen sat den tiltalte ved sida av mopeden.

Kniv

Ein politioverbetjent opplevde mannen som svært rusa og oppfarande. Han hadde og kniv i beltet.

Mannen sparka etter politiet og vart lagt i bakken. Han framsette gjentatte truslar mot politioverbetjenten, og sa mellom anna at han skulle drepa han.

Ein lege vart tilkalla for å sikra blodprøve av mannen som altså var mistenkt for ruskøyring. Også legen vart drapstrua.

Spytta

Då arrestforvaltaren morgonen etter skulle sjekka korleis det gjekk med mannen låg han i cella, men hoppa brått opp og spytta arrestforvaltaren i ansiktet. Den tiltalte trua så med å drepa både vedkomande og familien hans.

Seinare vart og ein politibetjent trua. Den tiltalte hugsar ikkje alt, men han vart dømt på alle punkt. Kniven vert inndratt som ein del av straffa.

Les og: Eldre mann angreip politiet

Heime hos mannen vart det funne to cannabisplanter på balkongen, og han skal ha hatt ein liten klump hasj med seg. I avhøyr forklarte han at denne var funne på gata, og at han tok den med for at ikkje born skulle få tak i den.

60-åringen hadde heller ikkje gyldig førarkort for moped, men meiner at han har køyrt så lenge at han ikkje treng dette. Om lag ein time etter køyringa hadde han 1,87 i promille, og det var spor av THC, som er verkestoffet i hasj, i blodet hans.

Vald

Våren 2013 delte mannen vaskerom med eit sambuarpar. Den tiltalte kom inn då kvinna var i vaskekjellaren, og slo ho fleire gangar med knyttnevane.

Ho vart skubba i bakken, og slått i ansiktet med knytt neve. Den tiltalte nekta for dette, men vart ikkje trudd i retten.

I desember 2013 var den tiltalte på restaurant i Odda, men fekk beskjed om at han var for rusa til å vera der. Han var aggressiv og sint, og slo ein tilsett i ansiktet.

Den tiltalte er ikkje avhøyrt om denne hendinga, men retten finn det bevist. Dermed vart han dømt for vald, og for å forstyrra alminneleg fred og orden.

16 forhold

Seinare vart det tatt ut eit tilleggstiltalevedtak mot mannen. Dette var knytt til ein aksjon på ei adresse i Odda, der den tiltalte vart observert med ei hasjpipe i mai 2014.

Les og: Fleire prøver hasj

I ei ransaking vart det funne 1,1 gram hasj på bordet framfor den sikta, og i lomma hadde han åtte gram hasj. Det vart ikkje gjennomført avhøyr i samband med dette, men retten finn det bevist at han brukte og hadde hasj.

Mannen vart totalt dømt for 16 forhold. Han er også tidlegare fleire gonger domfelt for liknande ting.

– Retten vil når det gjeld formildande forhold peike på at saka har tatt uforholdsmessig lang tid, heiter det i dommen.

På bakgrunn av dette vert 60-åringen dømt til fengsel i fem månadar, der 90 dagar er vilkårsbunde med ei prøvetid på to år. Han får og ei bot på 5000 kroner.

Kommentarer til denne saken