Gå til sidens hovedinnhold

Frifunnen for innbrot, dømt for oppbevaring av hasj

Artikkelen er over 5 år gammel

Sjølv om retten meiner at fleire forhold tydar på at 27-åringen kan ha brote seg inn, og heller ikkje har fått bevis for at han overnatta i ein trappeoppgang, finn dei rimeleg og fornuftig tvil om han faktisk gjennomførte innbrotet.

Det er snart eit år sidan ein politimann med søkehund oppsøkte den no 27 år gamle mannen. Hunden markerte på bilen hans, og 27-åringen erkjenner at han kort tid før hadde kjøpt om lag 40 gram hasj.

Då politiet kom hadde han 35 gram hasj i bilen, og han erkjenner straffeskuld for dette.

Les og: Narkotika og stolne syklar

I januar 2014 var det innbrot i ei leilegheit i Tyssedal. Eigaren var vekke i helga, men oppdaga at nokon hadde sparka hol i døra og truleg stukke handa inn og vridd om låsen frå innsida.

Rotete seng

– Ho hadde ikkje merka at noko var fjerna frå leilegheita. Det einaste ho hadde lagt merke til var at senga var rotete trass i at ho og sambuaren meinte at senga hadde vore oppreidd då dei reiste dagen før, heiter det i tiltalen.

I gangen fann dei ei jakke som vart levert til politiet, og den viste seg å tilhøyra ein mann som hadde vore på same fest som den tiltalte.

Tiltalte hugsa lite av festen, men forklarar at han morgonen etter vakna i ein trappeoppgang i ei anna blokk i Tyssedal.

DNA

Han nektar for å ha tatt seg inn i leilegheita, men hans DNA vart funnen på jakka.

Sjølv om retten meiner at fleire forhold tydar på at 27-åringen kan ha brote seg inn, og heller ikkje har fått bevis for at han overnatta i ein trappeoppgang, finn dei rimeleg og fornuftig tvil om han faktisk gjennomførte innbrotet.

Dermed vart han frifunnen for dette, men dømt til 21 dagars vilkårsbunde fengsel for oppbevaring av hasj. Han får og 4.000 kroner i bot og to års prøvetid.

Kommentarer til denne saken