Har spor etter innbrot

Av
DEL

– Me har fått inn fleire tips dei siste dagane som me no sjekkar ut. Det er gjort observasjonar i Odda, opplyser politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand.

Han var sjølv til stades då det tysdag morgon vart oppdaga at det i løpet av natta hadde vore innbrot hos Esso i Odda. Tjuvane fekk med seg tobakk og kontantar.

– Det er og gjort observasjonar til og frå Odda, og me sjekkar dette inn eller ut av saka. Dette er interessant og relevant informasjon, seier Aarsand.

Gjerningspersonane knuste mellom anna bakruta på stasjonen, og sigaretthyllene var tomme då HF var innom tysdag.

Artikkeltags